Undergrunnsbanen i London
From Wikipedia, the free encyclopedia
T-banen eller undergrunnsbanen i London (engelsk London Underground, ofte kalla berre the Underground eller the Tube) er eit kollektivtransporttilbod som består av elektriske tog som køyrer i tunnelar under det sentrale London og i dagen gjennom forstadene til byen. Den første strekninga blei opna i 1863, noko som gjer banen til det eldste metrosystemet i verda.
Linjer i London Underground | ||||||||||||||||||||||||||||
|
Sidan 2003 har undergrunnsbanen vore ein del av Transport for London (TfL), som også har det overordna ansvaret for koordinasjon og planlegging av bussrutene i byen, trikkelinjer, Docklands Light Railway, bussterminalen Victoria Coach Station, regulering av taxi-tenester og eit fåtal lokale jernbaneliner i byen (London Overground). Tidlegare blei undergrunnsbanen drive av London Regional Transport, som var direkte underlagt dei nasjonale myndigheitene.
Det var i februar 2007 268 opne stasjonar, og meir enn 408 km liner i bruk.[1] Banen fraktar omkring tre millionar passasjerar dagleg; i åra 1999 og 2000 blei det gjort til saman 927 millionar reiser, og i 2007 reiste over ein milliard med banen.[2] I tillegg til dei opne stasjonane finst det fleire eldre stasjonar som er nedlagde.
Dei underjordiske strekningane er bygd på to ulike nivå, nokre rett under overflata (subsurface lines), og nokre djupt nede i bakken (dei opphavlege tube lines). Dei øvste har linene berre omkring 5 meter under overflata, medan dei djupe ligg på 20 meter eller meir. Dei øvre tunnelane har same standard som vanlege tog, medan dei djupe er svært smale og set avgrensingar på kva slags tog som kan bli nytta. Begge typar har òg trafikk i dagen, unntatt Victoria-linja og Waterloo & City-linja; førstnemnde har berre depotplass over bakken, medan sistnemnde er svært kort og berre køyrer under bakken.