From Wikipedia, the free encyclopedia
Northern-linja er ei linje i London Underground. Den ligg på djupt nivå, og har to ruter gjennom sentrum og to nordover. I tillegg har ein av dei to nordgåande rutene ein avstikkar mot Mill Hill East (offisielt planlagt nordover). Den er dermed ein av dei mest kompliserte linjene å få oversikt over. Northern-linja er markert med svart farge på undergrunnskartet.
Linjer i London Underground | ||||||||||||||||||||||||||||
|
Linja blei opna som City & South London Railway i november 1890. Den gjekk då frå Stockwell til King William Street. Sistnemnde stasjon viste seg å vere uskikka til å handtere all trafikken, og i 1900 blei ruta lagd om. King William Street-stasjonen blei då lagt ned. Den nye ruta gjekk frå Moorgate via Bank. Innan 1907 hadde linja blitt utvida slik at den gjekk frå Clapham Common til Euston.
Ei anna linje, Charing Cross, Euston and Hampsted Railway, blei opna i 1907, og gjekk frå Charing Cross til Golders Green og Highgate (no Archway). I 1913 blei dei to linjene slått saman, og i 1914 blei den nyaste delen utvida til Embankment. I løpet av 1920-åra blei dei knytte saman ved Camden Town og Kennington. Linjene blei etter kvart forlenga til Morden i sør og Edgware i nord. I 1937 fekk den sitt noverande namn.
Transport for London har stadfesta at dei ønskjer å dele linja i to, for å auke kapasiteten. Dagens løysing medfører ofte forseinkingar då tog frå ei greinlinje må vente på tog frå ein annan ved krysningsspor. Camden Town stasjon må i tilfellet bli utbygd før ei evt. forandring, for å takle den store mengda forventa passasjerar, derfor er det uvisst når forandringane kan bli sette i verk.
Krysset som foreiner dei to nordlege greinene ligg rett sør for Camden Town. Stasjonen er konstruert slik at toga lett kan veksle der, ettersom det er doble plattformer.
Også kalla West End-greina
Sørgåande tog på denne greina snur ofte på ei sløyfe ved Kennington.
Også kalla City-greina
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.