District-linja
From Wikipedia, the free encyclopedia
District-linja er ei linje i London Underground, som går på grunt nivå under sentrum. Ho blei bygd mellom 1868 og 1871. Linja var eigd privat fram til 1930-åra, då den blei nasjonalisert. District-linja er markert med grøn farge på undergrunnskartet.
Linjer i London Underground | ||||||||||||||||||||||||||||
|
Linja hadde ein periode greiner som gjekk til Uxbridge og Hounslow West, men desse er nå ein del av Piccadilly-linja. Mellom 1883 og 1885 gjekk linja til Ealing Broadway og Windsor i Berkshire. Frå 1910 gjekk det ei linje heilt ut til Southend i Essex og frå 1911 ei til Shoeburyness, men desse blei stengde 30. september 1939, og dei blei ikkje gjenopna etter andre verdskrig.
Ansvarleg for vedlikehald og utvikling av stasjonar og linjemateriell etter den privat-offentlege avtalen mellom britiske transportstyresmakter og to private jernbaneforetak («Public-Private Partnership») er Metronet Rail.