Tuvinsk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tuvinsk (kyrillisk тыва дыл, tyva dyl eller tıva dıl) er eit nordtyrkisk språk som vert snakka av omkring 253 700 tuvinarar i Russland (ved folketeljinga i 2010),[1] hovudsakleg i republikken Tuva i sør i sentrale Sibir dessutan av om lag 27 000 i Mongolia og Kina. Språket har lånt eit stort antal røter frå mongolsk og eit fåtal ord frå russisk.
Kjappe fakta
Tuvinsk тыва дыл | ||
Klassifisering | Altaiske språk tyrkiske nordtyrkisk tuvinsk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Område | Tyva | |
Tuvinsktalande i alt | om lag 270 000 | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | Kyrillisk alfabet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | tyv | |
ISO 639-3 | tyv | |
Lukk
Tuvinsk kan delast inn i fleire dialekter, og skilnadane på dei er relativt store. Blant desse kan ein nemne tozja, vestleg tuva, erzin, kungurtuch med fleire.