From Wikipedia, the free encyclopedia
Mongolsk er eit språk i den mongolske språkfamilien som blir tala i Mongolia og i den kinesiske regionen Indre Mongolia. Det har offisiell status begge stader. Med oppimot 6 millionar talarar er mongolsk det mest utbreidde mongolske språket.
Mongolsk монгол ᠮᠣᠩᠭᠣᠯ
| ||
Klassifisering | Altaisk (omstridd) Mongolsk Austmongolsk Kalmykisk-khalkha Khalkha-burjatisk Mongolsk | |
Bruk | ||
Tala i | Mongolia Folkerepublikken Kina Russland | |
Mongolsktalande i alt | 5 718 000[1] | |
Skriftsystem | mongolsk skrift, mongolsk kyrillisk | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | mn | |
ISO 639-2 | mon | |
ISO 639-3 | mon – mongolsk (generisk) | |
Wikipedia på mongolsk |
Språktypen som blir tala i Mongolia blir kalla halh eller khalkha og er rekna som det mongolske standardspråket. Det er det einaste offisielle språket i Mongolia. Språket blir skrive med kyrilliske bokstavar tilpassa mongolsk. Andre dialektar innan denne typen er dariganga, khotogoit, sartul, og tsongol. Det finst også talarar i Russland, Kirgisistan og Taiwan.
Typen som blir tala i Indre Mongolia blir kalla perifermongolsk eller søraustmongolsk. Det er stort sett gjensidig forståeleg med khalka, men har noko ulikr ordforråd og fonologi. Det omfattar dialektane chahar, ordos, tumut, shilingol, ulanchab, jo-uda, jostu , jirim og ejine. I Indre Mongolia bruker ein tradisjonell mongolsk skrift til å skriva språket.
Mange språkbrukarar i Kina er einspråkleg mongolske, men mange talarar kan også snakka kinesisk, og nokre behersker uighurisk eller kasakhisk. Etniske kinesarar i Indre Mongolia kan også snakka mongolsk. Mongolsk er undervisingsspråk i skulen og blir brukt i media.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.