Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Altaiske språk er ei gruppe av språkfamiliar med språk som hovudsakleg har talarar i Sentral-Asia og det fjerne Austen. Eksistensen av ein språkfamilie altaisk er omstridd. Det er fleire ulike teoriar om altaisk:
På 1800-talet føreslo nokre lingvistar at dei altaiske språka skulle høyre saman med dei uralske språka (med blant anna finsk) som dei «ural-altaiske språka», men den teorien er avvist av seinare og meir grundig lingvistisk forsking.Det einaste som ikkje er omstridd er at mongolske, tungusiske og tyrkiske språk kvar for seg dannar tre genetiske språkfamiliar.
Dei som stør den første hypotesen peiker på at argumenta mot ural-altaisk også kan brukast som argument mot altaisk. Likevel finst det såpass mange leksikalske og særleg grammatiske fellestrekk mellom dei tre språkgreinene i den altaiske familien, at dette synet har mest støtte.
Lingvistar som Ramstedt og Poppe vil ta koreansk med i same språkfamilie.
Den nostratiske språkfamilien har lita støtte ut over ei lita gruppe av typologar. Dei viktigaste av dei er Joseph Greenberg, Merrit Ruhlen og Bernhard Comrie.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.