Tyrkiske språk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tyrkiske språk er ei gruppe av minst 35 språk[1] som vert snakka av om lag 2,5 % av menneskeslekta. Talarar av tyrkiske språk finst frå Middelhavet og Søraust-Europa i vest til Sibir og vestlege Kina i aust.
Av språkhistoriske grunnar vert språkfamilien delt inn i to grupper, tsjuvasjisk (ofte kalla den bolgarske greina av dei tyrkiske språka) på den eine sida, og alle dei andre tyrkiske språka på dei andre. Skilnadene dei to gruppene i mellom er framfor alt fonologisk, det er råd å rekonstruere alle andre tyrkiske språk enn tsjuvasjisk til same urspråk. Dei tyrkiske språka er svært like kvarandre. Etter at Sovjetunionen braut saman har Tyrkia byrja å sende TV-sendingar via satellitt inn i dei tyrkisktalande områda i Sentral-Asia.
I lag med dei mongolske og tungusiske språka dannar dei tyrkiske språka den altaiske språkgruppa. Det ligg ikkje føre noko god rekonstruksjon av det altaiske urspråket, så denne genetiske språkfamilien er omstridd. Tidlegare forskarar ville inkludere uralske språk i same språkgruppe, til ein ural-altaisk språkfamilie. Denne teorien har i dag lita støtte: Tilhengjarar av sikre språkfamiliar avviser den, medan tilhengjarane av overgripande språkfamiliar vil sjå ural-altaisk som del av ein større eurasiatisk språkfamilie.