tidlegare kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Tromsøysund er ein tidlegare norsk kommune i Troms. Området er i dag del av Tromsø kommune i Troms fylke.
Tromsøysund | |||
kommune | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Kommunenr. | 1934 | ||
Tromsøysund kommune 69.648055555556°N 18.986944444444°E | |||
[[Fil: NO 1934 {{{namn}}}.svg |200 px|none| Kart som viser Tromsøysund. ]]
Kart som viser Tromsøysund.
|
Tromsøysund kommune hadde opphavleg namnet Tromsøe landdistrikt, då han blei oppretta ved formannskapslovene i 1837.
I 1860 blei Balsfjord kommune skild ut som eigen kommune. Tromsøysund hadde 2632 innbyggjarar etter dette.
1. januar 1861 blei ein del av Tromsøysund med 110 innbyggjarar overført til Tromsø kommune.
1. januar 1873 blei ein del av Malangen kommune, med 287 innbyggjarar, overført til Tromsøysund. Samstundes blei ein ubygd del av Tromsøysund overført til Tromsø.
1. juli 1915 blei ein del av Tromsøysund, med 512 innbyggjarar, overført frå Tromsøysund til Tromsø. 1. juli 1955 skjedde det same med eit område 1 583 innbyggjarar.
I 1948 kjøpte staten eigendommen Åsgård, gnr. 118, bnr. 1, i Tromsøysund. I 1961 var Åsgård sykehus ferdig bygd og klar for delvis drift og blei overført frå staten til Troms og Finnmark fylkeskommunar og bykommunane Harstad, Tromsø, Hammerfest, Vadsø og Vardø.
1. januar 1964 blei Tromsøysund og Tromsø kommunar saman med delar av Hillesøy og Ullsfjord kommunar slått saman til den nye Tromsø kommune. Tromsøysund hadde ved samanslåinga 16 727 innbyggjarar.[1]
Tromsøysund kommune var den nest største kommunen i Troms etter folketal frå 1926, då Trondenes kommune blei delt opp, og fram til slutten av 1940-talet. Då passerte Tromsøysund Tromsø i folketal, og var den største kommunen i Troms, fram til kommunen blei slått saman med Tromsø i 1964.
Folketalsutvikling for tidlegare Tromsøysund kommune frå 1900 til 1964:
a Dette talet omfattar eit område som var del av Tromsøysund kommune fram til 1955, då det blei overført til Tromsø kommune. Dette området hadde då 1583 innbyggjarar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.