From Wikipedia, the free encyclopedia
Trochilinae er ein av dei seks underfamiliane som utgjer familien kolibriar. Medlemmer av Trochilinae har vore kalla typiske kolibriar og omfattar ca. 170 av alle ca. 365 kolibriartar.
Trochilinae | |
Kvitstrupejuvel, Lampornis castaneoventris Foto: Joseph C Boone | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae Jardine, 1833 |
Underfamilien er delt inn i tre biologiske tribus (stammar): Lampornithini («fjelljuvelar») som inneheld 18 artar, Mellisugini («bikolibriar») som inneheld 37 artar og Trochilini («smaragdar») som inneheld 114 artar.[1][2]
Kolibriane vart tidlegare delt inn i to underfamiliar, eremittane (Phaethornithinae) og ikkje-eremittar (Trochilinae). Resultata frå ein DNA-hybridiseringsstudie frå 2007 antyda at eremittane var basale for resten av familien.[3]
Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at familien bestod av ni klader.[4] Då Edward Dickinson og James van Remsen Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, delte dei kolibrifamilien inn i seks underfamiliar baserte på dei molekylære resultata og omdefinerte underfamilien Trochilinae til å innehalde tre klader, som dei plasserte i kvar sin stamme: Lampornithini («fjelljuvelar»), Mellisugini («bikolibriar»), og Trochilini («smaragdar»).[5] Ein omfattande fylogenetisk studie som tok prøver av 284 kolibriartar vart publiserte i 2014. Den stadfesta dei ni kladene som vart funne i den tidlegare studien, men fann at eremittane var søsterklade til topaskladen (i underfamilien Florisuginae) som inneheld slektene Topaza og Florisuga. Mange av dei tradisjonelle slektene i smaragdkladen (Trochilini) vart viste å vere polyfyletiske.[1] Som eit resultat har mange av slektene i denne delen av treet vorte reviderte.[2][6]
Kladogram for kolibrifamilien:
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Inndelinga i kladogrammet er etter McGuire et al, 2014.[1] Namna på biologiske tribus (stammar) «bikolibriar», «smaragdar», «fjelljuvelar» osb. er omsett frå engelsk (Topazes, Hermits, Mangoes, Brilliants, Coquettes, Mountain Gems, Bees, Emeralds), og er brukte av mellom anna Licona-Vera and Ornelas, 2017.[7] |
Liste over biologiske slekter i Trochilinae i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[8] Utvalet av slekter og namn på stammar og tribus er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[9]
Stamme Lampornithini, «fjelljuvelar», 18 artar
Stamme Mellisugini, «bikolibriar», 37 artar
Stamme Trochilini, «smaragdar», 114 artar
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.