From Wikipedia, the free encyclopedia
Lampornis er ei biologisk slekt av kolibriar i underfamilien Trochilinae. Dei har fellesnemninga 'juvel' på norsk. Artane i slekta har utbreiing i fjellområde frå Panamaeidet i sør gjennom Sentral-Amerika og nord til sørlege Mexico. Ein art, blåstrupejuvel, har utbreiing i område over 1500 moh. gjennom Mexico og litt inn i sørlegaste USA.
Lampornis | |
Purpurstrupejuvel, Lampornis calolaemus, hofugl Foto: Wikimedia-brukar Charlesjsharp | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Lampornithini |
Slekt: | Lampornis Swainson, 1827 |
Dette er mellomstore til store (10–13 cm) kolibriar med kort, svakt bua svarte nebb. Hannane har vanlegvis grøn overside, og ein glitrande, fargerik strupe, som er meir matt i farga hos hoer. Hoene av nokre artar kan òg avvike vesentleg frå hannane i andre delar av fjørdrakta. Hoer av juvelar er fullt ut ansvarleg for reirbygging og ruging. Hoa legg to kvite egg i eit djupt koppforma reir fora med plantefiber. Ruginga tar 15-19 dagar, og dei er flygedyktige innan 20-26 dagar.
Føda i denne slekta er nektar, tatt frå ei rekkje små blomar. Men som andre kolibriar, tar juvelar òg små insekt som ei viktig kjelde til protein.
Lampornis i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.10 frå august 2015[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.