From Wikipedia, the free encyclopedia
Strimmelstjertar er ei biologisk slekt Trochilus av kolibriar som er endemiske for Jamaica. Dette er typeslekta til kolibrifamilien Trochilidae. I dag reknar dei fleste autoritetar to takson i denne slekta som separate artar, men nokon held fram med å handsame dei som same arten, med den austlege arten som underart av den vestlege, som har størst utbreiingsområde. Namnet «strimmelstjert» (engelsk 'streamertail') er ein referanse til dei sterkt langstrekte, tynne halefjørene åt hannfuglane.
Strimmelstjertar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae |
Stamme: | Trochilini |
Slekt: | Strimmelstjertar Trochilus Linnaeus, 1758 |
Artar | |
raudnebbstrimmelstjert svartnebbstrimmelstjert |
Slekta Trochilus vart introdusert i 1758 av den svenske naturforskaren Carl von Linné i den tiande utgåva av Systema Naturae.[1] Slektsnamnet er frå gamalgreske trukhilos, ein liten uidentifisert fugl nemnt av Aristoteles. Seinare forfattarar gjekk ut frå at ordet refererte til ein gjerdesmett.[2] Typearten vart seinare utpeika som raudnebbstrimmelstjert, T. polytmus.[3][4] I sin Systema Naturae inkluderte Linnaeus 18 kolibriartar i Trochilus. I dag er 12 av desse artane framleis anerkjente, men berre raudnebbstrimmelstjert er halden den opphavlege slekta si.[1][5] To artar er no medlemmer, og har samla sett eit leveområde over det meste av Jamaica:[5][6]
Slekta er ein del av stammen Trochilini, «smaragdar», innanfor underfamilien Trochilinae.[7]
Berre få karakteristika skil dei to artane, først og fremst er det nebbfarga hos hannfuglar, men det er òg skildra marginale skilnader i lengde og i lætet. Hannane har grøn fjørdrakt, med svart hette og hale og mørke vengefjører, hoene manglar del lange halestrimlane, manglar den svarte hetta og har lys underside. Hoene av raudnebbstrimmelstjert har kopargrønt skin på oversida som svartnebbstrimmelstjert manglar, hoene av raudnebbstrimmelstjert kan dessutan ha svakt innslag av raudfarge i nebbet. Dei to artane har ikkje overlappande geografisk utbreiing bortsett frå i ei smal overgangssone der dei òg kan hybridisere.
Hannfuglar er 21 til 25 cm lange inkludert 10 til 13 cm lange halestrimlane og dei veg rundt 5 gram. Hoa er omtrent 10,5 cm lang og veg rundt 4 g. Begge kjønn av svartnebbstrimmelstjert har svart nebb. Modne hannar av raudnebbstrimmelstjert har klårt, raudt nebb. Hannen har ein matt svart til blåsvart krone; han og nakken dannar ein djup fløyelsaktig svart fjørtopp. Resten av overdelen er lys grasgrøn. Halen er svart med ein grøn til bronseaktig grøn glans. Det nest ytste halefjørparet er særs lange, noko som namngjev artane. Ansiktet til hannen og det meste av undersida er metallisk grøne; underhaledekkfjørene er blå-svarte eller svarte med ein blåleg glans. Oversida av den vaksne hoa er metallisk bronsegrøn til grønaktig bronse som er mattere på krona. Det sentrale fjørparet er lyse bronsegrøne og resten svarte med noko bronsegrøn glans, og dei to ytste para har breie kvite spissar. Undersida er kvit med metalliske bronsegrøne flekker på brystet og flankane. Umodne hannar liknar dei vaksne, men manglar halestrimlane; halefjørene har bronsegrøne spissar.[8][9]
Raudnebbstrimmelstjert finst over heile Jamaica bortsett frå i den ytste austlege enden, der svartnebbstrimmelstjerten lever. Dei beitar i eviggrøn fjellskog, tropisk låglandsskog og sekundærskog. Dei unngår mangrovar og tørre høgland. I høgda varierer frå havnivå til 1500 moh., dei blir rekna som ganske vanleg i låglandet og rikeleg i middels og høgare høgder. Begge artar gjer vertikale trekk.[8][9]
Strimmelstjertar søkjer etter nektar hos eit breitt utval av innfødde og introduserte blomstrande artar. Dei søkjer i alle høgder frå bakken opp til trekronene. Strimmelstjertar har også vorte observert å «stjele» nektar gjennom hol i blomster skapt av banansmett (Coereba flaveola) og besøkje hol bora av kanadasevjespett (Sphyrapicus varius). I tillegg til nektar, lever den av små insekt som dei snappar i lufta eller plukkar frå lauvverk eller edderkoppnett.[8][9]
Begge kjønn av strimmelstjertar forsvarer territorium aggressivt. Hannar forfølgjer hoer som kjem inn på territoriet deira. Begge kjønn gjennomfører repeterande framover- og bakoverflygingar, hannen flyg etter det opp og ned framfor hoa medan han spreier halestrimlane. Arten hekkar når som helst på året, for det meste mellom januar og mai, og kan ha tre kull årleg. Reiret er begerforma gjort av fine plantefibrar bunde med edderkoppnett med lav på utsida. Den er typisk bygd på ein fin kvist mellom 1 og 3 meter over bakken. Hoa rugar dei to egga i 17 til 19 dagar og ungane er flygedyktige 19 til 24 dagar etter klekking.[8][9]
Strimmelstjertar sine vokaliseringar inkluderer «ein høg metallisk snert og ein langvarig 'twink-twink-twink' som fell i tonehøgd på slutten.» Vaksne hannar på flukt produserer ein særeigen surrande lyd. Surringa er synkronisert med vengeslaga og videoopptak viser primærfjørene åtte og ni som bøyer seg med kvart nedslag, og skaper eit gap som produserer den flagrande lyden.[8][10]
IUCN har vurdert begge artane som livskraftige (LC).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.