From Wikipedia, the free encyclopedia
The Velvet Underground & Nico er debutalbumet til det amerikanske rockebandet The Velvet Underground og den tyske songaren Nico, gjeve ut i mars 1967 på Verve Records. Det vart spelt inn i 1966 medan bandet spelte på Andy Warhol sin Exploding Plastic Inevitable-turné. Albumet består av eksperimentell musikk og kontroversielle tekstar, som omhandla dopmisbruk, prostitusjon, sadomasochisme og seksuale avvik. Det selde dårleg og vart stort sett ignorert av kritikarane då det kom ut, men vart seinare rekna som eit av dei mest inspirasjonstunge album i heile rockehistoria.
The Velvet Underground & Nico Studioalbum av The Velvet Underground og Nico | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. mars 1967 | |
Innspelt | April, mai og november 1966 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 47:51 | |
Selskap | Verve | |
Produsent | ||
The Velvet Underground-kronologi | ||
---|---|---|
The Velvet Underground & Nico | White Light/White Heat (1968) | |
Nico-kronologi | ||
The Velvet Underground & Nico | Chelsea Girl (1967) | |
Singlar frå The Velvet Underground & Nico | ||
|
Det er blitt skildra som «det originale kunstrock-albumet»,[1] og hadde stor innverknad på mange undersjangrar av rock og former for alternativ musikk, inkludert punk, garasjerock, krautrock, post-punk, shoegaze, goth og indie.[2] I 1982 sa musikaren Brian Eno at sjølv om albumet berre selte kring 30 000 eksemplar dei første fem åra, «starta alle dei 30 000 som kjøpte ei av desse eit band!»[3] I 2003 vart albumet rangert på 13. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[4] og i 2006 vart det innlemma i National Recording Registry av Library of Congress.[5]
The Velvet Underground & Nico vart spelt inn med den første profesjonelle besetninga av The Velvet Underground: Lou Reed, John Cale, Sterling Morrison og Maureen Tucker. Mentoren og manageren deira Andy Warhol, og samarbeidspartnaren hans Paul Morrissey, fekk òg den tyske songaren Nico med på albumet etter at ho stundom hadde sunge solovokal for bandet.[6] Ho song solo på tre av songane på albumet — «Femme Fatale», «All Tomorrow's Parties» og «I'll Be Your Mirror»—og korvokal på «Sunday Morning». I 1966, då albumet vart spelt inn, var dette òg besetninga som spelte som ein del av Warhol sitt Exploding Plastic Inevitable.[7]
Dei fleste av songane som kom med på The Velvet Underground & Nico vart spelte inn i april 1966 under ein fire dagar periode i Scepter Studios, eit nedslite platestudio i Manhattan. Innspelinga vart betalt av Warhol og salssjefen i Columbia Records, Norman Dolph, som òg fungerte som lydteknikar i lag med John Licata. Sjølv om ein ikkje veit nøyaktig kva prosjektet kosta, har estimata variert frå 1 500 til 3 000 amerikanske dollar.[8]
Kort etter innspelinga sende Dolph ei acetatplate av innspelingane til Columbia Records i eit forsøk på å få dei interessert i å distribuere albumet, men dei avslo. Det same gjorde Atlantic Records og Elektra Records, og i følgje Morrison protesterte Atlantic mot dopreferansane i songane til Reed, medan Elektra mislikte bratsjen til Cale.[9] Til slutt tok MGM Records-eigde Verve Records i mot innspelingane, med hjelp frå den faste produsenten til Verve, Tom Wilson som nyleg hadde starta for dei etter å ha slutta hos Columbia.[10]
Då dei hadde eit selskap i ryggen vart tre av songane, «I'm Waiting for the Man», «Venus in Furs» og «Heroin», spelte inn på nytt ein månad seinare, i mai 1966 over to dagar i TTG Studios under eit opphald i Hollywood. Då utgjevinga av plata vart utsett, tok Wilson med seg bandet til Mayfair Recording Studios på Manhattan i november 1966 for å legge til ein song til på albumet: singelen «Sunday Morning».[11]
Sjølv om Andy Warhol er den einaste som formelt er oppført som produsent, hadde han liten direkte påverknad utanom at han betalte for innspelingane.[12] Fleire andre som arbeidde på albumet er ofte nemnde som teknisk produsent.[8][13]
Norman Dolph og John Licata er stundom sagt å ha produsert innspelingane i Scepter Studios, sidan dei var ansvarlege for å ta opp lyden og var lydteknikarar, men ingen av dei er oppførte som dette.[8] Dolph sa at Cale var kunstnarisk produsent, sidan han tok seg av dei fleste arrangementa.[8] Cale sa derimot sjølv at Tom Wilson produserte nesten alle spora, og at Warhol «ikkje gjorde noko som helst».[13] Reed sa òg at den «verkelege produsenten» på albumet var Wilson.[12] Reed hevda det var MGM som valde å hente inn Wilson, og sa det var han som produserte songar som «Sunday Morning»: «Andy absorberte all kritikken. Så sa MGM at dei ønskte å hente inn ein verkeleg produsent, Tom Wilson. Så det er slik du fekk 'Sunday Morning', med alle desse ekstra lydspora - bratsjen i bakgrunnen, Nico som syng. Men han kunne ikkje gjere om det som alt var gjort.»[14]
Sterling Morrison og Lou Reed omtalte begge Warhol sin mange på manipulasjon som ein legitim produksjonsmetode.[8] Morrison skildra Warhol som produsenten «slik ein produserer ein film».[15] Medan Reed sa:
Han gjorde det mogeleg for oss å vere oss sjølv og berre køyre på fordi han var Andy Warhol. På eit vis produserte han verkeleg plata, fordi han var som ein paraply som absorberte alle åtaka då me ikkje var store nok til å bli angripne ... og som ein følgje av at han var produsent, gjekk me berre inn og gjorde det me alltid gjorde, og det var ingen som stoppa oss fordi Andy var produsenten. Han visste sjølvsagt ingenting om å produsere plater, men det trengde han ikkje. Han berre sat der og sa «Oooh, det er fantastisk,» og lydteknikaren sa «Å ja! Akkurat! Det er fantastisk, ikkje sant?»[16]
The Velvet Underground & Nico var kjend for skildringar av tema som dopmisbruk, prostitusjon, sadisme og masochisme og seksuelle avvik. «I'm Waiting for the Man» skildrar ein person som prøver å få tak i heroin,[17][18] medan «Venus in Furs» er nesten ei bokstavleg tolking av 1800-tals romanen av same namn (som hovudsakleg består av soger omBDSM).[19] «Heroin» inneheld detaljar om dopmisbruket til hovudpersonen og kjenslene av verknaden av stoffet.[20]
Lou Reed, som skreiv dei fleste tekstane, tenkte ikkje å skrive om slike tema fordi dei var sjokkerande. Reed var fan av diktarar og forfattarar som Raymond Chandler, Nelson Algren, William S. Burroughs, Allen Ginsberg og Hubert Selby jr., og såg ikkje kvifor verka deira ikkje skulle fungere i rockemusikk. Han hadde studert engelsk ved Syracuse University og sa i eit intervju at han tenkte at det var «opplagt» å slå saman grove tema og musikk.[13] «Det er slikt du kan lese om. Kvifor kan du ikkje lytte til det òg? Om du har det moro når du les det, og får det som er moro med rock i tillegg.»[13]
Dei mørke emna på albumet vert i dag rekna som revolusjonerande,[21] og fleire av songane på albumet omhandlar tema som er meir typiske for popmusikken. Visse songar skrivne av Reed er observasjonar av folk i krinsen til Andy Warhol kalla «The Factory». «Femme Fatale» vart særskild skriven om Edie Sedgwick etter at Warhol spurde om det. «I'll Be Your Mirror», inspirert av Nico,[11] er ein var og lidenskapleg song, i sterk kontrast til ein song som «Heroin». Ei vanleg mistolking er at «All Tomorrow's Parties» vart skriven av Reed etter at Warhol bad om det (som det står i biografien til Victor Bockris og Gerard Malanga om Velvet Underground, Up-Tight: The Velvet Underground Story). Sjølv om songen verkar å vere nok ein observasjon av folk kring Factory, skreiv Reed songen før han møtte Warhol, og spelte inn ein demo av songen i juli 1965 i Ludlow Street.[6] Han hadde ei visestil, som mogelegeins var inspirert av Bob Dylan.[22]
Musikalsk har The Velvet Underground & Nico generelt blitt skildra som kunstrock,[1][23] eksperimentell rock,[24] proto-punk,[25] psykedelisk rock,[26] og avant-pop.[27] Mykje av stilen på albumet kom frå John Cale, som la vekt på dei eksperimentelle kvalitetane deira. Han var sterkt inspirert av arbeidet sitt med La Monte Young, John Cage og den tidlege Fluxus-rørsla, og oppfordra til bruk av alternative måtar å produsere lydar i musikken. Cale tenkte at følsemda hans passa godt med Lou Reed si, som alt eksperimenterte med alternative stemmingar. Til dømes hadde Reed «funne opp» ostrichgitar-stemminga for ein song han skreiv kalla «The Ostrich» for det kortvarige bandet hans, The Primitives. Ostrichgitar-stemming går ut på at alle strengene er stemde til same tone. Denne metoden vart nytta på songane «Venus in Furs» og «All Tomorrow's Parties». Ofte var gitarane òg stemnde ned ein heiltone, som skapte ein lågare, fyldigare lyd som Cale meinte var «sexy».[8]
Bratsjen til Cale vart nytta på fleire av songane på albumet, som «Venus in Furs» og «Black Angel's Death Song». Bratsjen nytta gitar- og mandolinstrenger, og når han spelte høgt samanlikna Cale lyden med lyden frå ein flymotor.[21] Tekniken til Cale bestod vanlegvis av bordunar, nedstemming og forvrenging.[28] I følgje Robert Christgau opprettheld den «narkotiske dronen» ikkje berre den sadomasochisme-tematiske «Venus in Furs», men «identifiserer og samlar òg heile albumet musikalsk». Om vokalen sa han at «røysta til Nico har ein kabaretaktig seksualitet» utfylt av «det lidenskapslause fråværet i synginga til Reed».[29] I 1966 skildra Richard Goldstein røysta til Nico som «som ein cello som vaknar om morgonen».[30]
Plateomslaget for The Velvet Underground & Nico er gjenkjenneleg med eit Warhol-trykk av ei banan. Tidlege eksemplar av albumet inviterte eigaren til å «sakte skrelle og sjå», og kunne ta bort bananskalet og syne ei kjøtfarga banan under. Det måtte ein spesialmaskin til for å produsere desse omslaga (noko som førte til at utgjevinga av albumet vart forseinka), men MGM betalte for kostnadane og tenkte at banda til Warhol kom til å auke albumsalet.[8][13] Dei fleste nyutgjevingane av vinylutgåva har ikkje klistremerket som kunne skrellast av. Originale eksemplar med klistremerket er i dag eit sjeldant samlarobjekt. Ei japansk nyutgjeving tidleg i 1980-åra var den einaste nyutgjevinga som hadde bananklistremerket i mange år. I 1996 om albumet ut på CD og bananbilete er på framsida, medan biletet av den skrelte banana er på innsida av etuiet, under sjølve CD-plata. Albumet vart trykt på nytt på tung vinyl i 2008 med bananklistremerket.[31]
Då albumet først kom ut var hovudbiletet på baksida eit bilete av skodespelaren Eric Emerson projisert opp ned på ein vegg bak bandet, teken under ein performance under Warhol-hendinga Exploding Plastic Inevitable. Emerson trengde pengar og truga med søksmål over at biletet var nytta utan hans løyve, med mindre han vart betalt.[8] I staden for å betale henta MGM inn kopiar av albumet og stoppa produksjonen fram til bilete av Emerson kunne retusjerast bort.[32] Kopier som alt var trykt vart selde med eit stort, svart klistremerke over biletet av skodespelaren.[32]
I januar 2012 saksøkte føretaket «Velvet Underground» (der John Cale og Lou Reed var hovudeigarar) The Andy Warhol Foundation for the Visual Arts, Inc. i USA etter at Warhol-stiftinga gav lisensen for banandesignet til Incase Designs for at det kunne nyttast for eit merke iPhone- og iPad-deksel. Søksmålet omfattar brot på opphavsrett, varemerke og urettferdig konkurranse.[33]
Med påstand om at stiftinga tidlegare hadde hevda at han «kunne» eige opphavsretten til designet, bad partnerskapet retten om ein erklæringsdom om at stiftinga ikkje hadde ein slik rett.[34] Som svar gav stiftinga partnerskapet ei «Pakt om å ikkje saksøke» - eit skriftleg og bindande løfte om at sjølv om partnerskapet og visse andre parter fortsette å bruke designet kommersielt, ville stiftinga aldri påberope seg sitt påståtte opphavsrettsinnehav mot dei i ein domstol.
Dommaren Alison J. Nathan avviste partnerskapet sitt krav om opphavsrett frå søksmålet.[35]
Då The Velvet Underground & Nico kom ut selde det dårleg. Det kontroversielle innhaldet på albumet førte til at det raskt vart bannlyst frå fleire platebutikkar, mange radiostasjonar nekta å spele musikk frå plata og magasin nekta å reklamere for albumet.[8] Verve gjode uansett ikkje mykje for å marknadsføre eller distribuere albumet, som medverka til det dårlege platsalet.[8][21] Richie Unterberger i AllMusic skreiv:
... musikken var rett og slett for dristig for kommersiell radio, «undergrunns»-radioane var berre så vidt kome i gang, og uansett kan dei godt ha blitt oversett på ei tid då psykedelisk musikk var på topp.[36]
Albumet gjekk inn på Billboard den 13. mai 1967, på ein 199. plass, og fall ut av lista den 10. juni 1968 på ein 195. plass. Då Verve kalla albumet attende i juni på grunn av søksmålet til Eric Emerson, forsvann det frå lista i fem månader. Det gjekk så inn at på lista den 18. november 1967 og nådde 171. plassen den 16. desember 1967, før det gjekk ut av lista.[13]
Musikaren Brian Eno sa i 1982 at sjølv om albumer berre selde kring 30 000 eksemplar dei første fem åra, så «starta alle dei som kjøpte dei 30 000 eksemplar eit band!»[3] Skribentar har ofte nytta dette sitatet som eit endeleg tal på kor mange eksemplar The Velvet Underground & Nico selde dei første åra. Sjølv om det uansett selde mindre enn Warhol og bandet hadde håpa, synte ein lønnsslipp frå MGM til Jeff Gold, ein tidlegare sjef i Warner Bros. Records, at albumet selde 58 476 eksemplar fram til februar 1969 - som var eit ok salstal seint i 1960-åra.[37][38][39]
Ei melding i Billboard før albumet kom ut, roste den «stemningsskapande» vokalen til Nico og dei «kraftfulle» tekstane til bandet, og kalla det ei samling med «sofistikert folkrock» og ei «plate inn frå venstre som kan kome til å slå stort gjennom.»[40] Vibrations, eit lite rockemagasin, gav albumet positiv omtale og skildra musikken som «eit fullverdig åtak på øyrene og hjernen» og skreiv at tekstane var mørke.[21] Wayne Harada i Honolulu Advertiser og Dave Donelly i Honolulu Star-Bulletin likte begge plateomslaget og førstnemnde kalla det «det villaste» plateomslaget han hadde sett til då, medan sistnemnde kalla det eit samtaleemne.[41][42] Harada skreiv: «På innsida er det bra òg: 'Sunday Morning' har heilt klart ein psykedelisk hit-stil. 'Run Run Run' er ein annan Underground-juvel som vinn terreng.»[41] Donelly kalla albumet «ikkje-kommersielt med stor 'K', men ei lydoppleving.»[42] Ein anonym skribent i American Record Guide likte tekstane til Reed og skreiv dei var «gjennomtrengande moderne», og samanlikna dei med Dylan, og kalla Reed «eit viktig nytt talent». Skribenten likte òg den varierte stilen som «Sunday Morning», «European Son» og «Heroin» representerte i lag med meir Dylan-aktige songar.[43]
Samstundes var Richard Goldstein i Village Voice, publisert i heimbyen til Velvet Underground, New York City, meir reservert. Goldstein meinte «There She Goes Again» «openbert» var basert på Rolling Stones-utgåva av «Hitch Hike» og kalla vokalen til Reed på andre songar «plagsamt likt tidleg Dylan». Likevel skreiv han til slutt at «The Velvets er ei viktig gruppe og dette albumet har nokre store verk», og peikte ut «I'm Waiting for the Man», «Venus in Furs», «Femme Fatale» og «Heroin».[44] Om sistnende songen skreiv Goldstein:
Han er meir komprimert, meir tilbakehalden enn konsertframføringane eg har sett. Men det er òg eit meir realisert verk. Tempoet svingar kraftig og bryt til slutt ut i ei rekkje fryktelege skrik, som dødsraslinga til ein kvelt fiolin. «Heroin» er sju minutta med genuni 12-tone rock and roll.[44]
Tampa Tribune-journalisten Vance Johnston avviste samlinga som «fleire forvirra lydar ... særs deprimerande og eg fekk ikkje tak i meldinga» men skreiv at fans av Warhol uansett vil erklære dette hans beste.[45] Don Lass i Asbury Park Evening Press frå New Jersey var òg avmålt og meinte musikken var «like livlaus som det skrelte bananskalet, og er inniom kvar klisjé i rock 'n' roll-spekteret medan det manglar den genuine moroa som andre kan tilby.»[46] Ein skribent i Pensacola News Journal meinte albumet totalt sett hadde ein «stor, vill stil», medan tekstane var «like vanvittige»: «Resultatet høyrest ut som ei blanding av Dracula og nokre av dagens langhåra songar.».[47] John F. Szwed i Jazz & Pop kalla framføringa til bandet på plata «keisam trass i at dei satsar på elektrisk bratsj» og erkjente styrken i den «høglydte sutringa», men at noko til sjuande og sist «går tapt i omsetjinga» i fråveret av det visuelle akkompagnementet til Exploding Plastic Inevitable.[48]
Eit tiår etter The Velvet Underground & Nico kom ut, byrja det å få mykje ros frå rockekritikarane. Christgau skreiv i meldinga si i 1977 i Village Voice at plata hadde vore vanskeleg å forstå i 1967, «som truleg er årsaka til at folk framleis lærer frå det. Det høyrest til å byrje med grovt, tynt og pretensiøst ut, men det sluttar aldri å bli betre.»[29] Han inkluderte det seinare i hans «Basic Record Library» for innspelinga frå 1950-åra og 1960-åra, publisert i Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981).[58]
I The Encyclopedia of Popular Music (1998) kalla Colin Larkin der ei «kraftfull samling» som «introduserte fascinasjonen Reed hadde for det urbane, gatekulturen og amoraliteten som grensa til voyeurisme.»[59] I april 2003 hadde Spin albumet øvst på dei 15 mest innverknadsrike albuma gjennom tidene.[60] 12. november 2000 inkluderte NPR albumet på lista si over dei 100 viktigaste musikalske verka i Amerika på 1900-talet.[61] I 2003 plasserte Rolling Stone albumet på 13. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene, ein plass det hadde på den reviderte lista i 2012.[62] Dei kalla det «det mest profetiske rockealbumet nokon gong».[63] På lista deira i 2020 vart albumet rangert på 23. plassen.[64]
I boka si The Alternative Music Almanac frå 1995 plasserte Alan Cross albumet på toppen av lista over ti klassiske alternative album.[65] I 1997 vart The Velvet Underground & Nico kåra til det 22. beste albumet gjennom tidene på «Music of the Millennium»-undersøkinga utført i Storbritannia av HMV Group, Channel 4, The Guardian og Classic FM.[66] I 2006 stemnde lesarane i Q albumet til 42. plassen på lista over dei 100 beste albuma gjennom tidene, medan The Observer plasserte det øvst på lista over 50 album som endra musikken i juli same året.[67] I 2006 vart albumet valt ut av magasinet Time som eit av dei hundre beste albuma gjennom tidene.[68] I 2017 plasserte Pitchfork albumet på toppen av lista si over dei 200 beste albuma frå 1960-åra.[69] Det vart plassert på 13. plassen i boka All Time Top 1000 Albums 3. utgåve (2000) av Colin Larkin.[70]
I april 1967, ein månad etter albumet kom ut, spelte eit band kalla The Electrical Banana det som truleg var den første coverversjonen av «There She Goes Again». I følgje bandmedlemmet Dean Ellis Kohler, spelte dei inn songen i eit telt i Vietnam i april 1967 og sende masterlydbandet til eit selskap i California for å få det trykt på plata.[71]
I 1967 gav det nederlandske bandet The Riats frå Haag ut ein singel med «Run, Run, Run» som A-sida og «Sunday Morning» som B-side. Nøyaktig når utgjevinga var er ukjend, så det det er diskusjonar om Electric Banana eller The Riats var første ute med ein Velvet Underground-cover.[72][73][74]
I 2009 spelte den amerikanske musikaren Beck inn albumet spor for spor og gav det ut på nettsida si som ein video, som ein del av eit prosjekt kalla Record Club. Musikarane Beck hadde med seg på innspelinga var Nigel Godrich, Joey Waronker, Brian LeBarton, Bram Inscore, Yo, Giovanni Ribisi, Chris Holmes og Þórunn Magnúsdóttir.[75]
Same året spelte ymse artistar frå Argentina inn heile albumet spor-for-spor. Dei spelte ei rekkje konsertar i Buenos Aires for å feire utgjevinga av albumet, og dette var tilgjengeleg på nettet.[76]
Lou Reed var frustrert over at det tok eitt år før albumet kom ut og at det så selde dårleg, og forholdet hans til Andy Warhol vart dårlegare. Reed gav Warhol sparken som manager og henta inn Steve Sesnick i staden,[77] som overtydde gruppa å gå i ei meir kommersiell retning.[78] Nico vart tvungen ut av gruppa og byrja ein karriere som soloartist. Den første soloplata hennar, Chelsea Girl, kom ut i oktober 1967 med somme songar skrivne av Velvet Underground-medlemmar.[79]
Tom Wilson fortsette å arbeide med The Velvet Underground, og produserte albumet deira White Light/White Heat i 1968[80] og Nico sitt Chelsea Girl.[81]
Alle songane skrivne av Lou Reed, utanom der andre er nemde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Sunday Morning» |
| 2:53 |
2. | «I'm Waiting for the Man» | 4:37 | |
3. | «Femme Fatale» | 2:35 | |
4. | «Venus in Furs» | 5:07 | |
5. | «Run Run Run» | 4:18 | |
6. | «All Tomorrow's Parties» | 5:55 | |
Total lengd: | 25:25 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Heroin» | 7:05 | |
2. | «There She Goes Again» | 2:30 | |
3. | «I'll Be Your Mirror» | 2:01 | |
4. | «The Black Angel's Death Song» |
| 3:10 |
5. | «European Son» |
| 7:40 |
Total lengd: | 22:26 47:51 |
Produksjon
Den første CD_utgåva av albumet kom ut i 1986 med nokre små endringar. Tittelen på albumet stod på coveret, i motsetnad til den originale LP-utgåva. I tillegg hadde albumet ein alternativ miks av «All Tomorrow's Parties» som bestod av solovokalen på enkelt spor i staden for det doble vokalsporet som er på originalplata. Bill Levenson, som hadde ansvaret for å få laga CD-plata ønskte å nytte denne versjonen som ei overrasking til fansen, men vart misnøgd då det vart trykt på plateomslaget at det var ein alternativ versjon.[82]
Den ommastra CD-utgåva som kom i 1996 fjerna desse endringane og brukte det originale plateomslaget og den originale utgåva av «All Tomorrow's Parties».
The Velvet Underground & Nico kom ut i sin heilskap i plateboksen Peel Slowly and See i 1995. Albumet var den andre plata i samlinga i lag med singelversjonen av «All Tomorrow's Parties», to Nico-spor frå Chelsea Girl og eit ti minutt langt utdrag av den 45 minuttar lange «Melody Laughter»-framføringa. For første gongen var òg loftdemoane til bandet frå Ludlow Street i 1965. Blant desse demoane er tidlege versjonar av «Venus in Furs», «Heroin», «I'm Waiting for the Man» og «All Tomorrow's Parties».
I 2002 gav Universal ut ei dobbel luksusutgåve med stereoversjonen av albumet i lag med fem spor frå Nico sitt Chelsea Girl skriven av medlemmar frå bandet på plate ein, og ein monoversjon av albumet i lag med mono singelmiksar av «All Tomorrow's Parties» og «Sunday Morning» og dei tilhøyrande B-sidene «I'll Be Your Mirror» og «Femme Fatale» på plate to. Ein studiodemo av den ikkje tidlegare utgjevne «Miss Joanie Lee» var planlagt for samlinga, men usemje om honorara mellom bandet og Universal gjorde at det ikkje vart noko av. Denne usemja førte til at bandet ikkje gav ut fleire utgjevinga i den offisielle Bootleg-serien deira. Denne songen kom derimot med på 45-årsjubileumsutgåva av albumet.[83] I april 2010 gav Universal ut den andre plata av luksusutgåva som ein enkel CD kalla «Rarities Edition».
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
12. | «Little Sister» | John Cale, Lou Reed | 4:27 |
13. | «Winter Song» | Cale | 3:23 |
14. | «It Was a Pleasure Then» | Reed, Cale, Nico Päffgen | 8:09 |
15. | «Chelsea Girls» | Reed, Sterling Morrison | 7:29 |
16. | «Wrap Your Troubles in Dreams» | Reed | 5:09 |
Total lengd: | 28:37 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «All Tomorrow's Parties» (Verve single VE 10427) | 2:53 |
13. | «I'll Be Your Mirror» (Verve single VE 10427 B-side) | 2:18 |
14. | «Sunday Morning» (Verve single VE 10466) | 3:00 |
15. | «Femme Fatale» (Verve single VE 10466 B-side) | 2:38 |
Total lengd: | 10:49 |
Den 1. oktober 2012 gav Universal ut ein seks CD-plater stor plateboksversjon av albumet.[84] Det består av tidlegare tilgjengelege mono- og steremiksar på plate ein og plate to. Plate ein inneheld alternative versjonar av «All Tomorrow's Parties», «European Son», «Heroin», «All Tomorrow's Parties» (alternativ instrumentalversjon) og «I'll Be Your Mirror» som bonusspor. Plate to inneheld dei same bonusspora som den tidlegare luksusutgåva på plate to. Plate tre er Nico sitt Chelsea Girl i sin heilskap og Scepter Studios-acetatplata utgjer heile plate 4. Plate 5 og 6 inneheld konsertopptak frå 1966 som ikkje var gjevne ut før. I følgje eit essay av musikkritikaren og historikaren Richie Unterberger som følgde samlinga var kjelda for denne konserten det einaste lydbandet av akseptabel kvalitet i tida då Nico var medlem av bandet. Essayet forklarer òg at det ikkje var noko DVD-ar i samlinga fordi det rett og slett ikkje fanst filmopptak frå denne tida.[85]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Melody Laughter» (Instrumental jam) | 28:26 |
2. | «Femme Fatale» | 2:37 |
3. | «Venus in Furs» | 4:45 |
4. | «The Black Angel's Death Song» | 4:45 |
5. | «All Tomorrow's Parties» | 5:03 |
Total lengd: | 45:36 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I'm Waiting for the Man» | 4:50 |
2. | «Heroin» | 6:42 |
3. | «Run Run Run» | 8:43 |
4. | «The Nothing Song» (Instrumental jam) | 27:56 |
Total lengd: | 48:11 |
Norman Dolph sin originale acetat-innspeling frå Scepter Studios inneheld fleire innspelingar som kom med på det endelege albumet, sjølv om mange er i alternative miksar og tre av dei heilt andre opptak. Acetaten vart spelt inn 25. april 1966, kort tid etter innspelinga. Han dukka opp fleire tiår seinare då han vart kjøpt av samlaren Warren Hill i Montreal i Canada i september 2002 på ein loppemarknad i Chelsea i New York City for 75 cent.[86] Hill la albumet ut på ein auksjon på eBay i november. 8. desember 2006 vart vinnarbodet på 155 401 dollar, men det vart ikkje betalt.[87] Albumet vart lagt ut på auksjon på eBay igjen og denne gongen vart det selt den 16. desember 2006 for 25 200 dollar.[88][89]
Sjølv om det vart spelt inn ti songar under Scepter-innspelingane,[8] er det berre ni på acetat-plata. Dolph hugsa at «There She Goes Again» var songen som mangla[90] (og versjonen av «There She Goes Again» som finst på den endelege plata er oppført som innspelt i Scepter Studios). I 2012 vart acetaten offisielt gjeve ut som plate 4 av 45-årsjubileumsutgåva av albumet. Plata inneheld seks tidlegare ikkje-utgjevne bonusspor, spelt inn under øvingane til bandet i The Factory den 3. januar 1966. Ein rippa versjon av acetaten byrja å sirkulere på Internett i januar 2007.[91][92] Piratkopiar av acetatspora har òg vore på vinyl- og CD-plater.[93] Acetaten vart gjeven ut på vinyl i 2013 i ei avgrensa utgåve i høve Record Store Day. I 2014 vart plata igjen lagt ut på auksjon.[89]
Plateboks, plate 4
Merknader
Listeplasseringar
|
Salstrofé
|
I følgje Nielsen SoundScan, som sporar platesal, har The Velvet Underground & Nico selt 560 000 eksemplar sidan 1991.[99]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.