Montreal

From Wikipedia, the free encyclopedia

Montreal

Montreal eller Montréal er den nest største byen i Canada, og den største i den canadiske provinsen Quebec. Opphavleg vart byen kalla Ville-Marie («Maria by»), men vart omdøypt til Montréal på 1700-talet, eit namn som kjem frå det franske Mont Royal («Kongeleg fjell»), som var namnet på ein ås med tre toppar i hjarte av byen.

Kjappe fakta Land, Provins ...
Montréal
by
Thumb
Thumb
Flagg
Thumb
Våpenskjold
Motto: Concordia Salus – «Frelse av harmoni»
Kallenamn: City of Mary (Ville-Marie)
Land  Canada
Provins Quebec
Del av Greater Montreal, Urban agglomeration of Montreal
Areal 498 km²
Folketal 1 762 949 (2021)[1]
Grunnlagd 1642
Tidssone EST (UTC-5)
   Sommartid EDT (UTC-4)
Postnummer H
Retningsnummer 514 og 438
Thumb
Montreal
45.5033426°N 73.5868411°W / 45.5033426; -73.5868411
Wikimedia Commons: Montreal
Lukk

Tidlegare var Montreal det største storbyområdet i Canada (i dag er det Toronto), men er den nest største fransktalande byen i den vestlege verda etter Paris. Ei folketeljing i 2021 talde 1 762 949 innbyggjar i sjølve Montreal. Montreal er det 15. største storbyområdet i Nord-Amerika[2] og det 74. største i verda. 70 % av innbyggjarane er fransktalande, medan resten har engelsk eller andre minoritetsspråk som morsmål.

Montreal ligg sørvest i Quebec, om lag 200 km sørvest for provinshovudstaden Québec og 150 km aust for Ottawa, hovudstaden i Canada.

Montreal arrangerte Verdsutstillinga i 1967 (Expo '67), og var vertsby for Sommar-OL 1976.

Université de Montréal er det største franskspråklege universitet i byen med rundt 50 000 studentar. Universitetet ligg i området Côte des Neiges, og har fleire ulike fakultet innanfor kommunikasjon, språk, medisin mfl. Der er fleire engelskspråklege universitet, og det mest kjende er McGill University.

Folk frå Montreal

  • Guy Stewart Callendar (1897-1964), britisk klimatolog og ingeniør
  • Saul Bellow (1915–2005), forfattar og nobelprisvinnar
  • Leonard Cohen (1934–2016), diktar og songar
  • Gilles Villeneuve (1950-1982), racerbilsjåfør
  • Celine Dion (f. 1968), songar
  • Naomi Klein (f. 1970), journalist, forfattar og politisk aktivist
  • Rufus Wainwright (f. 1976), musikar
  • Martha Wainwright (f. 1976), songar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.