From Wikipedia, the free encyclopedia
Tal Afar (arabisk تلعفر), òg skrive Tal'Afar, Tall Afar, Tell Afar eller Tel Afar, er ein by og distrikt i Ninive guvernement nordvest i Irak, 63 km vest for Mosul,[2] 52 km aust for Sinjar[2] og 200 km nordvest for Kirkuk.
Tal Afar | |||
تلعفر | |||
by | |||
Tal Afar-borga | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ninive guvernement | ||
Høgd | 410 moh. | ||
Folketal | 200 000 (2014)[1] | ||
Tal Afar 36.379166666667°N 42.449722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Tal Afar | |||
Det finst ikkje offisielle folketeljingar, men det er estimert at av kring 200 000 innbyggjarar har folketalet falle til kring 80 000. I 2007[3] var nesten alle innbyggjarane irakiske turkmenarar.[4]
Tal Afar er den einaste turkmenske majoriteten i Irak, sjølv om ein finn minoritetar av folkegruppa i Mosul, Kirkuk, Kifri, Daquq, Muqdadiyah, Jalawla og Saadiyah.
Tal Afar byrja som eit osmansk militært støttepunkt på ei høgd (ein tal eller tell). Rundt denne garnisonen voks så byen fram.
Tal Afar ligg på slettelandet sør for Aedeafjella. Byen ligg om lag 40 km austom Sinjarfjella. Ein hovudveg fører frå aust til vest og knyter byen til Mosul.
Sommaren 2014 vart byen erobra av islamistar frå Den islamske staten, og store delar av folkesetnaden flykta.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.