Sinjar, òg kalla Shingal[1] (kurdisk Şengal/Şingal/Şingar/شنگار/ شنگال)[2][3][4][5], i antikken Singara) er ein by i Shingal-distriktet i Ninive guvernement i Irak nær Sinjarfjella og grensa til Syria. Byen er hovudsakleg busett av jesidiar, som er ein kurdisk minoritet. I 2013 var folketalet estimert til nesten 90 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land, guvernement ...
Sinjar
kurdisk شنگار/شنگال, Şengar, Şingal
by
Thumb
Sinjar i 2015
Land  Irak
guvernement Ninive guvernement
Distrikt Sinjar-distriktet
Høgd 522 moh.
Folketal 88 023  (2013)
Tidssone GMT (UTC+3)
Thumb
Sinjar
36.320833333333°N 41.876388888889°E / 36.320833333333; 41.876388888889
Wikimedia Commons: Sinjar
Lukk

Ofte vert «Sinjar» brukt om heile fjellregionen (sjå Sinjarfjella), som er vesentleg større.

Scenar frå filmen Exorcisten frå 1973 vart filma i Sinjar.[treng kjelde]

Historie

Ei stor høgd over grensa til det nordaustre Syria, kjent som Tell Hamoukar, viser at det har vore ein bysivilisasjon på staden så lang tid tilbake som år 4000 f.Kr. Sinjardalen tilhøyrde den nordlege ubaidkulturen. På Sinjarsletta, der Tell Hamoukar ligg, er det restar av ei rekkje endå eldre sivilisasjonar (Hassuna, Halaf, Ubaid). Meir enn 200 funnstadar er kjende.

Nokre kjelder nemner Sinjar som den byen der den kristne helgenen Abd-al-Masih lei martyrdøden. Polyhistoren Ibn al-Akfani vart fødd i Sinjar.

Forfølging

2. august 2014 vart byen Sinjar og områda rundt erobra av islamistgruppa ISIL som har lova å utrydda jesidiane. Det meste av folkesetnaden flykta, men mange tusen vart drepne eller teke til fange. Fleire hundre tusen flykta til Syria eller dei kurdiske områda lenger aust. Fleire titusenar gjekk høgare opp i fjellet der dei mangla vatn, mat og ly for den sterke sola.

Då ISIL gjekk til åtak kunne kurdiske peshmergastyrkar berre halda stillingane sine i få timar, før dei trekte seg unna. Motåtaket frå syriske kurdarar så vel som frå nye peshmergastyrker frigjorde deler av området, og nådde 8. august fram til nokre av flyktningane i fjellet.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.