![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/8b/Fulmarus_glacialoides_in_flight_-_SE_Tasmania.jpg/640px-Fulmarus_glacialoides_in_flight_-_SE_Tasmania.jpg&w=640&q=50)
Sørhavhest
fugleart / From Wikipedia, the free encyclopedia
Sørhavhest, Fulmarus glacialoides, er ein sjøfugl på den sørlege halvkula. Han er ein av to artar i den biologiske slekta Fulmarus i familien Procellariidae, stormfuglfamilien. Den andre arten i slekta er arten havhest, F. glacialis, på den nordlege halvkula.
Kjappe fakta
Sørhavhest | |
![]() Sørhavhest, Fulmarus glacialoides Foto: JJ Harrison | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av Sørhavhest | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Fulmarus |
Art: | Sørhavhest F. glacialoides |
Vitskapleg namn | |
Fulmarus glacialoides Smith, 1840 |
Lukk
Sørhavhesten er stort sett bleikgrå på oversida og kvit under med ein karakteristisk kvit flekk på oversida av vengen. Han hekkar langs kysten av Antarktika og på øyane rundt, og flyttar seg nordover om vinteren. Han hekkar i koloniar i fjellskrentar, legg eitt egg på ei hylle eller i ei kløft. Kosthaldet inneheld kril, småfisk og blekksprut.