Procellariidae er den mest talrike familien av ordenen stormfuglar, og held dei mest varierte artane. Fuglane i familien varierer i storleik frå kjempepetrellane som er nesten like store som albatrossane, til kvalfuglane, som er så små som dei største stormsvalene. Dei lever av fisk, blekksprut og krepsdyr, mange tar òg utkast frå fiskebåtar og daud fisk. Alle artar driv fangst over store avstandar og fleire foretar transekvatoriale migrasjonar. Dei dannar koloniar og er monogame. Alle artar legg eitt egg per hekkesesong. Rugeperioden og perioden fram til ungane er sjølvstendige er svært lang samanlikna med tilsvarande periode hos andre fuglefamiliar.
Somme artar av stormfuglfamilien har ein bestand på fleire millionar par medan andre artar har mindre enn 200 attlevande individ. Menneske har tradisjonelt utnytta fleire artar av havhestar og lirer som mat, til brennstoff og til agn, ein praksis som held fram på ein kontrollert måte i dag. Fleire artar er trua av introduserte artar som åtakar ungar og vaksne i hekkekoloniane og dei er òg trua av linefisket.
Det finst klassifisert nær 100 artar i 16 slekter.[1] I norske farvatn er det registrert sju artar frå denne familien, den mest vanlege er havhest, meir sjeldan grålire og havlire.[2]
Mange taksonomiar har halde dukkpetrellar, Pelecanoides, utanfor familien Procellariidae. Eigenarten til dukkpetrellar har hatt brei stønad, men frå 2016 vart dukkpetrellane fletta inn i stormfuglfamilien i 'eBird/Clements Checklist'.[3]
I tradisjonell taksonomi er familien Procellariidae delt inn i fire ganske ulike grupper: havhestar, «eigentlege» petrellar, kvalfuglar, og lirer. Etter 2016 kom i tillegg dukkpetrellar som ei eigen gruppe.
Havhestar i ei utvida tyding femnar om dei to artane av Fulmarus, havhest og sørhavhest, dessutan kjempepetrellar, snøpetrell, antarktispetrell og flekkpetrell. Denne gruppa er har internt stort mangfald med artar som varierer i levemåtar og utsjånad, men dei er knytt saman morfologisk av eigenskapar ved hovudskallen, spesielt det lange, iaugefallande saltutsondringsrøret.
Dei fire dukkpetrellane er dei minste i familien med lengder på rundt 20 cm og vengespenn på 33 cm. Dei er kompakte fuglar med korte venger som er tilpassa bruk under vatn. Dei har ei karakteristisk surrande flukt og stuper rett ned i vatnet utan å setje seg på overflata. Dei blir sannsynlegvis verande heile året i sjøane nær hekkeplassane.
«Eigentlege» petrellar, på engelsk språk kalla 'gadfly petrels', dei som flyg «hulter til bulter» er det ca. 34 artar i slekta Pterodroma. Artane varierer frå små til mellomstore, 26-46 cm, har lange venger med kort nebb med krok i enden.
Kvalfuglar er seks artar av «eigentlege» kvalfuglar i slekta Pachyptila og ofte òg den monotypiske og nært slekta blåpetrell, Halobaena caerulea. Tre artar i gruppa har store nebb fylt med lamellar som dei nyttar til å filtrere plankton nett som bardekvalane gjer, men namnet kvalfugl stammar frå tilknytinga til kvalar, ikkje nebbfunksjonen. Dette er små stormfuglar, 25-30 cm, med gråblå, mønstra fjørdrakt, alle i Sørishavet.
Lirer er tilpassa fangst av byttedyr med hjelp av dukking i staden for å plukke føda på havoverflata som andre i familien. Ein art har vore registrert djupare enn 30 meter. Mange artar lirer er òg kjente for lange transekvatoriale trekk.
Lirer inkluderer om lag 20 artar i slekta Puffinus, sju i Ardenna og dei fire Calonectris-artane. Tradisjonelt òg dei fem store Procellaria-artane. Om desse tre slektene alle er kjente kollektivt som lirer, har Procellaria '–petrell' i artsnamnet.
Det finst nærare 100 nolevande artar av Procellariidae i 16 slekter. I tillegg kjenner ein tre eller fire artar som døydde ut etter år 1500. Oversyn av slekter og artar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V12.1, 2022,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]
Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016(CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016
Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.