Remove ads
fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Smalnebblire (Ardenna tenuirostris) er ein fugl i stormfuglfamilien. Han er den mest talrike sjøfuglarten i australske farvatn og er ein av dei få australske hekkefuglar der fugleungane blir hausta for kommersielt føremål. Ungane blir fanga i garn og deretter haldne i kokande vatn i nokre sekund. Det er ein flyttfugl som hekkar hovudsakleg på små øyar i Bass Strait og Tasmania, og vandrar til den nordlege halvkula til den boreale sommaren.
Smalnebblire | |
Foto: Flickr-brukar Mike Baird | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Smalnebblire | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Stormfuglar Procellariiformes |
Familie: | Stormfuglfamilien Procellariidae |
Slekt: | Ardenna |
Art: | Smalnebblire A. tenuirostris |
Vitskapleg namn | |
Ardenna tenuirostris |
Kvar av foreldra matar ungen i 2-3 dagar og forlèt deretter reirplassen i opptil tre veker for å samle mat. Desse fôringsturane kan dekke ein distanse på 15 000 kilometer og i mens kan ungen vere utan tilsyn i over ei veke. Når ungen er flygedyktige veg han rundt 900 gram, og kan vere tyngre enn foreldra. I Tasmania, og spesielt på øyar i Furneaux-gruppa, blir ungane hausta inn på dette tidspunktet for mat og olje. Den største populasjonen i verda, 2,8 millionar par, eller om lag 12 % av totalbestanden, synest å bruke Babel Island i øygruppa som hekkelokalitet.
Under den australske vinteren vandrar smalnebblire nordover til havet utanfor Aleutane og Kamtsjatka. Så vandrar dei sørover igjen om våren langs kysten California før dei kryssar Stillehavet og tilbake til Australia.
Denne arten ser ut til å vere nært i slekt med Puffinus-artane grålire og storlire. Alle tre har svart nebb og hale som ikkje er rett avkutta, men dei presise relasjonane er uklåre.[1] Desse er blant dei større lireartane som kan utgjere si eiga slekt, Ardenna.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.