From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein symfoni er ein musikalsk komposisjon for orkester i fleire satsar. Ordet stammar frå gresk syn (saman) og fon (lyd). Symfoniar blir framførte av symfoniorkester.
Symfonien, slik me kjenner han i dag, stammar frå byrjinga av det 1700-talet. Ein trur at opphavet var den italienske ouverturen (i motsetnad til den franske overtyren).
Tidlege symfoniar inneheldt tre satsar med tempoane snøgg-langsam-snøgg. Dei viktigaste komponistane av den førklassiske symfonien er italienaren Giovanni Battista Sammartini, Johann Stamitz (Mannheimskulen) og Georg Christoph Wagenseil (Wien). Mannheim og Wien var dei to store sentera for symfoniar. På 1700-talet vart symfoniforma utvida ved at ein menuett kom inn som ny sats før finalesatsen.
Den klassiske symfonien frå midten av 1800-talet og seinare blir framfor alt assosiert med komponistane Joseph Haydn, Wolfgang Amadeus Mozart og Ludwig van Beethoven
Sats | Form | Tempo | Toneart |
---|---|---|---|
1. Sats, "Hovudsats" |
Sonateform | snøgg (t.d. Allegro) |
Grunntone |
2. Sats | Liedform eller sonateform eller variasjonsform |
langsam (Adagio, Andante, ...) |
Dominant eller subdominant eller durparallell eller mollparallell |
3. Sats | Menuett eller scherzo |
middels snøgg, danseaktig |
Grunntone |
4. Sats, "Finale" |
Sonateform eller rondo eller variasjonsform |
snøgg (Allegro, Vivace, Presto, ...) |
Grunntone |
På 1800-talet vart symfonien ført vidare i den romantiske perioden, til dømes av Franz Schubert, Felix Mendelssohn-Bartholdy, Carl Maria von Weber, Robert Schumann, Hector Berlioz og Franz Liszt.
Johannes Brahms fortsette der Beethoven, Schumann og Mendelssohn slapp. Symfoniane voks tidsmessig og vart den sentrale musikkforma i mange orkester. Andre viktige komponistar på slutten av 1800-talet er Anton Bruckner, Antonín Dvořák, Pjotr Illitsj Tsjajkovskij og Camille Saint-Saëns.
På 1900-talet overtok komponistar som Sergej Rachmaninov og Carl Nielsen, som fortsette med den tradisjonelle firesats-symfonien. Andre komponistar prøver nye vegar som Gustav Mahler, som i sin 2. symfoni nytta fem satsar og i andre brukte kor og solo. Jean Sibelius' 7. symfoni har berre 1 sats.
Eit utval av komponistar som har skrive symfoniar (her kronologisk etter fødselsår):
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.