fransk komponist og pianist From Wikipedia, the free encyclopedia
Charles Camille Saint-Saëns (9. oktober 1835–16. desember 1921) var ein fransk komponist og pianist frå romantikken. Han skreiv 12 operaer, som Samson et Dalila (1877), 5 symfoniar, 5 pianokonsertar, fleire andre konsertar, korverk, kammermusikk og oratorier, og den humoristiske suiten Le Carnaval des animaux (Dyrenes karneval, 1886).
Camille Saint-Saëns | |||
| |||
Fødd | 9. oktober 1835 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | 11. arrondissement | ||
Død | 16. desember 1921 (86 år) | ||
Dødsstad | Alger | ||
Opphav | Frankrike | ||
Aktiv | 1853–1921 | ||
Sjanger | opera, symfoni, klassisk musikk, solokonsert | ||
Instrument | piano, fiolin, pipeorgel | ||
Verka som | komponist, organist, dirigent, pianist, musikkritikar | ||
Gift med | Marie-Laure Truffot | ||
Prisar | storkors av Æreslegionen, Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste, storoffiser av Æreslegionen, kommandør av Æreslegionen, offiser av Æreslegionen, Ridder av Æreslegionen, Pour le Mérite, Royal Victorian Order, æresdoktor ved universitetet i Cambridge, æresdoktor ved Universitetet i Oxford |
Saint-Saëns blei fødd i Paris. Han var eit vedunderbarn, og kunne lese og skrive frå han var to år gamal. På denne tida byrja han med pianotimar og å komponere. Fem år gammal hadde han si første framføring for eit mindre publikum. I ein alder av 10 spelte han verk av Bach, Beethoven og Mozart i offentlege recitaler. Då han var 16, skreiv han sin første symfoni.
I 1871 var han med på å stifte Société Nationale de Musique, ei foreining for å fremje ein fransk nasjonal musikkstil, som bestod av tidas leiande franske komponistar. Samtidig skreiv han dramatiske verk, blant anna fire symfoniske dikt og 13 operaer, der Sanson eit Dalila og det symfoniske diktet Danse Macabre er blant hans mest berømte. Totalt komponerte han over 300 verk og han var den første store komponisten til å skrive musikk spesielt for kino.
Saint-Saëns gifte seg med Marie Truffot i 1875, og blei far til to barn som døydde med seks vekers mellomrom i 1881. Han forlét kona si same året. Dei to blei aldri skilt, men levde resten av liva sine fråskilde. Det er blitt hevda at Saint-Saëns skal ha hatt homoseksuelle forhold, men dette har aldri vore prova.
I 1886 skreiv han sin tredje symfoni, «avec orgue» ('med orgel'), truleg dei mest berømte verka hans. Med monumentale symfoniske orgel bygd i Frankrike av Aristide Cavaillé-Coll, den tids største orgelbyggjar, passar symfonien perfekt inn i det 19. hundreårs «gigantisme», og står fint ved Eiffeltårnet, verdsutstillinga i Paris i 1889 og byrjinga på «belle-epoken». Maestoso-delen i andre sats er eit tydeleg uttrykk for europearen si tru på seg sjølv, teknologien, sin og vitskapen sin. Saint-Saëns blei ofte kalla «den tyskaste av alle franske komponistar», kanskje grunna dei fantastiske evnene sine til å konstruere melodiske passasjer.
Same år fullførte han Dyrenes karneval, som fekk si uroppføring 9. mars 1886. Dette verket er svært populært i dag, men Saint-Saëns gav forbod mot framføring av dette verket etter premiera, og let berre éin av satsane, Svanen, eit stykke for cello og piano, bli gjeven ut i si levetid. Han skreiv òg seks preludium og fuge for orgel, tre i op. 99 og tre i op. 109, der det mest framførte er preludium og fuge i Ess-dur, op. 99, nr. 3.
Saint-Saëns skreiv om musikkteoretiske, vitskaplege og historiske emne, og reiste ofte rundt i Europa, Sør-Afrika og elles i Afrika før han levde sine siste år i Alger i Algerie. Han blei gjeve den franske Æreslegionen for bragdene sine.
Camille Saint-Saëns døydde i Alger, og fekk statsgravferd i Paris, der han blei gravlagd på den berømte gravplassen Cimetière du Montparnasse.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.