Philip Glass (fødd 31. januar 1937 ) er ein amerikansk komponist , fløytist og pianist . Han er ein vidkjend komponist av moderne kunstmusikk, og er tett knytt til sjangeren minimalisme .
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Philip Glass Philip Glass Foto: WNYC New York Public Radio
Fødd 31. januar 1937 (87 år)Fødestad Baltimore Fødenamn Philip Morris Glass Opphav USA Aktiv 1964– Sjanger Minimalisme , samtidsmusikk Instrument piano , bass , trommesett Plateselskap Virgin Records Verka som komponist , pianist , filmmusikkomponist , librettist , birolleinnehaver Gift med JoAnne Akalaitis Born Juliet Glass , Marlowe Glass Prisar ridder av Ordre des Arts et des Lettres , Praemium Imperiale , BAFTA Award for beste filmmusikk , Glenn Gould-prisen , James Parks Morton Interfaith Award , Fulbright-programmet , medlem av American Academy of Arts and Sciences Fellow , Classic Brit Awards
Lukk
Philip Glass har skrive operaer , teater - og filmmusikk og diverse instrumentalmusikk . Han har også vore verksam innan jazz og rock . Glass heldt opningskonserten for Festspela i Bergen i 2010.
Glass var fødd og voks opp i Baltimore i Maryland . Han studerte ved Universitetet i Chicago og musikkakademiet Juilliard School . Av personlege musikalske utvekslingar kan nemnast Darius Milhaud , Nadia Boulanger og Ravi Shankar .
Glass skapte sitt eige ensemble , The Philip Glass Ensemble , i 1967. Sjølv om musikarane i ensemblet hovudsakleg speler klassiske musikkinstrument , skil det seg frå dei fleste andre kammerensemble ved bruk av mellom anna elektrisk forsterking.
Glass med Dublin Guitar Quartet.
Medan Glass har bakgrunn i den vestlege klassiske musikktradisjonen , men har også band til rock , ambient og elektronisk musikk og verdsmusikk . Tidlege tilhengjarar og musikalske inspirasjonar var mellom anna musikarane Brian Eno og David Bowie .[1] Han har samarbeidd med musikarar som Yo-Yo Ma , Paul Simon , Suzanne Vega ,[2] Mick Jagger ,[3] Leonard Cohen , David Byrne , Uakti , Natalie Merchant [4] og Aphex Twin , medan musikarar som Mike Oldfield , Tangerine Dream og Talking Heads har funne inspirasjon hjå han.
Verk for The Philip Glass Ensemble
600 Lines (1967)
Music in Fifths (1969)
Music in Similar Motion (1969)
Music with Changing Parts (1973)
Music in Twelve Parts (1971–1974)
North Star (1977)
Glassworks (1982)
Orion (2004)
Opera, musikkteater
Einstein on the Beach (1976)
Satyagraha (1980)
Akhnaten (1983)
Orphée (1993)
La Belle et la Bête (1994)
Les Enfants Terribles , (1996)
A Madrigal Opera (1980)
the CIVIL warS (1984)
The Fall of the House of Usher (libretto efter en novell av Edgar Allan Poe , 1987)
The making of the representative for Planet 8 , (1985-1988, libretto av Doris Lessing )
1000 Airplanes on the Roof (1988)
Hydrogen Jukebox (libretto av Allen Ginsberg , 1990)
White Raven (1991)
The Voyage (1992)
The marriages between zones three, four, and five (1997, libretto av Doris Lessing )
Monsters of Grace (1998)
In the Penal Colony (2000, libretto efter en novell av Franz Kafka )
The Sound of a Voice (2003)
Waiting for the Barbarians (2005, etter ein roman av J.M. Coetzee )
Kammermusikk
Tre strykerkvartettar (tidleg 1960-tal, trekt tilbake)
Play for to saksofonar (musikk for Samuel Beckett sitt drama, 1965)
Strykerkvartett nr. 1 (1966)
Music in the shape of a Square for to fløyter (1967)
Another Look at Harmony, Part III for klarinett og piano (1975)
Fourth Series Part Three for fiolin og klarinett (1978)
Strykerkvartett nr 2 Company (1983, komponert for ei dramatisering av Samuel Beckett si forteljing)
Prelude to Endgame for timpani og kontrabass (1984, for stykket av Samuel Beckett )
Strykerkvartett nr 3 Mishima (1985)
Strykerkvartett nr 4 Buczak (1989)
Music from The Screens for kammerensemble (eit samarbeid med Foday Musa Suso, 1989)
Cymbeline (musikk for stykket av William Shakespeare , 1991)
Strykerkvartett nr 5 (1991)
Love Divided By for fløyte og piano (1992)
In the Summer House for fiolin og cello (musikk for stykket av Jane Bowles, 1993)
Konsert for saksofonkvartett (1995, finnes også som orkesterversjon)
Dracula for strykerkvartett (1998, musikk til filmen frå 1931)
Music from The Sound of a Voice for kammerensemble (2003)
Verk for soloinstrument
Strung Out for fiolin (1967)
Gradus for saksofon (1968)
Arabesque for fløyte (1988)
France frå The Screens for violin (1989)
Melodies for solosaksofon (1995)
Verk for orkester (med kor og solorøyster)
In the Upper Room for kammerorkester (1986, musikk for Twyla Tharp sitt dansestykke)
The Light for orkester (1987)
The Canyon for orkester (1988)
Itaipu , symfonisk portrett for kor og orkester i fire satsar (1989)
Passages for kammerorkester (samarbeid med Ravi Shankar ) (1990)
Concerto Grosso for kammerorkester (1992)
Symfoni nr 1 Low for orkester (1992 , basert på David Bowie si plate med same namn)
T.S.E. (T.S. Eliot ) for røyster og ensemble (1994, musikk for eit teaterstykke av Robert Wilson)
Symfoni nr 2 for orkester (1994)
Symfoni nr 3 for 19 strykerar (1995)
Symfoni nr 4 Heroes for orkester (1996 , basert på David Bowie si plate med same namn)
Songs of Milarepa for baryton og kammerorkester (1997)
Days and Nights of Rocinha , dans for orkester (1997)
Psalm 126 for orkester og kor (1998)
Symfoni nr 5 Requiem , Bardo and Nirmanakaya for solistar, kor og orkester (1999)
Dancissimo for orkester (2001)
Symfoni nr 6 Plutonian Ode for sopran og orkester (2001)
Symfoni nr 7 Toltec for orkester og kor (2004)
Symfoni nr 8 for orkester (2005)
The Passion of Ramakrishna for kor og orkester (2006)
Verk for soloinstrument og orkester (konsertar og anna)
Konsert for fiolin og orkester (1960, trekt tilbake av komponisten)
Facades for to saksofoner (eller fløyte og klarinett) og strykerorkester (1981)
Konsert for fiolin og orkester (1987)
Echorus for to fiolinar og strykerorkester (1995, versjon av etyde nr. 2 for piano)
Konsert nr 1 for piano og strykerorkester Tirol (2000)
Konsert for to timpanispelarar og orkester (2000)
Konsert for cello og orkester (2001)
Konsert for cembalo og kammerorkester (2002)
Utvalg frå Naqoyqatsi (Life as War) for cello og orkester (2002/2003)
Suite frå Timene (The Hours ) for piano, strykerorkester, harpe og slagverk (2002/2003)
Konsert nr 2 for piano og orkester (2004)
Verk for solorøyster
Hebeve Song for sopran, klarinett og fagott (1983)
Planctus , song for vokal og piano (1997, for Natalie Merchant )
Korverk
Another Look at Harmony, Part IV for kor og orgel (1975)
Fourth Series Part One for kor og orgel (1977)
Three Songs for chorus a-cappella (1984, tekstar av Octavio Paz med fleire)
Verk for soloklaver
Two Pages (for Steve Reich ) for piano eller elektrisk orgel (1969)
Modern Love Waltz for piano (1977)
Fourth Series Part Four (Mad Rush) for piano (1979)
Trilogy Sonata for piano (1975/1979/1983, med materiale frå Einstein , Sathyagraha og Akhnaten , arrangert av Paul Barnes i 2001)
Metamorphosis for piano (1988 )
Wichita Sutra Vortex for piano (1988 )
Tesra for piano (1993)
The Orphée Suite for piano (1993, transkribert av Paul Barnes 2000)
Overtyre frå La Belle et la Bete for piano (1994, transkribert av Michael Riesman)
Etudes for piano, Volume 1 (1994–1995)
Music from the Hours for piano (2003, transkribert av Michael Riesman og Nico Muhly)
A Musical Portrait of Chuck Close , to stykke for piano (2005)
Verk for orgel
Fourth Series Part Two (Dance No.2) for orgel (1978)
Fourth Series Part Four (Mad Rush) for orgel (1979)
Voices for orgel, didgeridoo og forteljar (2001)
Filmmusikk
Koyaanisqatsi , (Godfrey Reggio , 1982)
Mishima: A Life in Four Chapters (Paul Schrader , 1985, opphavet til strykerkvartett nr. 3)
The Thin Blue Line , (Errol Morris , 1988)
Powaqqatsi (Reggio, 1988)
Kundun (Martin Scorsese , 1997), om Dalai Lama
Naqoyqatsi (Reggio, 2002)
Dracula (ny musikk til originalen)
The Hours (Stephen Daldry , 2002)
Taking Lives (D. J. Caruso , 2004)
The Fog of War (Errol Morris , 2003)
Secret Window (David Koepp , 2004)
Candyman (Bernard Rose , 1992)
Candyman: Farewell to the Flesh (Bill Condon , 1995)
Filmversjon av The Secret Agent av Joseph Conrad (1996)
Glass har også komponert musikken til filmane The Illusionist av Neil Burger og Notes on a Scandal Richard Eyre i 2006. Dessutan skreiv han msuikk til Cassandra's Dream (2007) av Woody Allen .
Tim Page, Liner Notes to the album Music with Changing Parts , Nonesuch Music, 1994