From Wikipedia, the free encyclopedia
«Sunny Afternoon» er ein song av The Kinks, skriven av Ray Davies.[1] Songen vart seinare gjeven ut på albumet Face to Face. Den tydelege varietéstilen og tekstinnhaldet var ei ny retning for bandet (som hadde starta året før med «A Well Respected Man»), etter at bandet starta med langt meir tyngre rock i 1964-1965.
«Sunny Afternoon» Singel av The Kinks frå albumet Face to Face | ||
B-side |
«I'm Not Like Everybody Else» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. juni 1966 | |
Innspelt | 13. mai 1966; Pye Studios (No.2), London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:36 | |
Selskap | Pye 7N 17125 (UK) Reprise 0497 (US) | |
Komponist | Ray Davies | |
Tekstforfattar | Ray Davies | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Shel Talmy | |
The Kinks-kronologi | ||
«Dedicated Follower of Fashion» (1966) |
«Sunny Afternoon» | «Dandy» (1966)
|
Songen kom ut 3. juni 1966 og gjekk til topps på den britiske singellista 7. juli 1966, og vart liggande der to veker. Han gjekk òg til tops i Irland og var den einaste førsteplassen The Kinks fekk i Noreg der han låg fire veker på topp. «Sunny Afternoon» vart plassert på 200. plass på Pitchfork Media si liste over dei 200 største songane på 1960-talet.[2]
Det vart filma ein musikkvideo for singelen, som ironsk syner bandet i eit kald og snørikt miljø.
Songen er blitt spelt av mange andre artistar som:
Det er skrive to norske versjonar av songen. Den første vart skriven av Jahn Teigen, Herodes Falsk og Tom Mathisen i Prima Vera i 1978 og kalla «Svunnen tid». Den andre vart skriven av Helge Grønhaug og kalla «Solen over by'n» og spelt inn av De musikalske dvergene og Frode Alnæs i 2004.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.