Sulzberger Bay er ei bukt mellom Fisher Island og Vollmer Island, langs kysten av King Edward VII Land. Ho vart oppdaga av Byrd-ekspedisjonen den 5. desember 1929, og vart namngjeven av Byrd etter Arthur H. Sulzberger, som publiserte New York Times og støtta Byrd-ekspedisjonane i 1928-1930 og 1933-1935.[1]

Kjappe fakta Land, Del av ...
Sulzberger Bay
bukt
Thumb
Kart over Sulzberger Bay
Land  Antarktis
Del av Rosshavet
Koordinatar 77°0′S 152°0′W
Administrert under Antarktistraktaten
Thumb
Sulzberger Bay
77°S 152°W / -77; -152
Thumb
Sulzberger Bay (Antarktis)
Lukk

Sulzberger Bay ligg føre Sulzberger isbrem (77°0′S 148°0′W), ein isbrem som er kring 137 km lang og 80 km brei langs kysten av Marie Byrd Land mellom Edward VII Peninsula og Guest Peninsula. Isbremmen vart observert og grovt kartlagd av Byrd-ekspedisjonen (1928-1930).[2]

Sulzberger Basin (77°0′S 152°30′W) er eit havbasseng sentralt i Rossisen nær Sulzberger Bay.[3]

Isfjelldanning

Isbremmen kalva fleire isfjell i dagane etter 12. mars 2011, same dag som jordskjelvet og tsunamien i Sendai i Japan. Forskarar har knytt denne iskalvinga til tsunamien som nådde isbremmen kring 13 600 km unna episenteret til jordskjelvet. Det største isfjellet var omtrent like stort som Manhattan Island. I alt kalva isbremmen isfjell som dekte i alt nesten 125 km2. Denne delen av isbremmen hadde ikkje flytta seg sidan 1946.[4][5]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.