Spetsnaz
From Wikipedia, the free encyclopedia
Spetsnaz (russisk Войска специального назначения (спецназ) – Vojska spetsialnogo naznatsjenija (spetsnaz)) er ei russisk fellesnemning på militære spesialstyrker. Utanfor Russland er det vanleg at ordet berre viser til russiske spesialstyrkar, som vart oppretta av KGB i Sovjetunionen. Styrkane si oppgåve er alt frå hemmelege operasjonar til store offentlege kontraterror-aksjoner, til dømes under gisseldramaet i Beslan.
«Spetsnaz» kan delast inn i fleire grupper:
- Forsvarsdepartementet i Russland har øvingssenteret Senezj og to andre einingar
- Generalstaben i Russland har 8 brigader og eitt regiment fordelte med to brigader i kvart militærdistrikt i Russland.
- Den russiske nasjonalgarden har 18 einingar, og her er 604. SPETSNAZ-senter med, tidlegare MVD. Senteret vart oppretta i 2008, og her er både «Vitjaz» (anti-terrorisme og grensekontroll) og «Rus» (anti-terrorisme og nøytralisering av fiendtlege våpenlager) fletta inn, og er dermed oppløyste som eigne organ.
FSB sine einingar, inkludert Russisk grensevakt, har:
og tre einingar i tillegg.
- GRU (russisk Гла́вное Разве́дывательное Управле́ние – Glavnoje Razvedjvatelnoje Upravlenije, «Hovudetterretningsdirektoratet») har etterretningssenter hjå alle fire marineflåtane og eit regiment hjå luftlandestyrkane.