Gisseldramaet i Beslan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gisseldramaet i Beslan fann stad mellom den 1. september og den 3. september 2004 då Barneskule nummer 1 i byen Beslan i Nord-Ossetia i det sørlege Russland vart kringsett av terroristar. Over 1 100 menneske vart tekne til fange, av dei 777 barn.[1] Etter tre dagar var gisseldramaet over som ei følgje av skotveksling mellom terroristane og russiske tryggingsstyrkar, der minst 334 menneske vart drepne, av desse 186 born.[2] I tillegg vart 31 gisseltakarane også drepne.[3] Hundretals andre vart såra eller skadde. Fleire av gisseltakarane vart lynsja av den opphissa folkemengda. Den einaste av gisseltakarane som overlevde, tsjetsjaneren Nurpasji Kulajev, vart seinare åtala mellom anna for mord og terrorisme. Den tsjetsjenske separatistleiaren og terroristen Sjamil Basajev tok seinare på seg ansvaret for gisseltakinga.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Gisseldramaet byrja på Kunnskapsdagen ved skulestart. Det er rekna som den dødelegaste skulemassakren i historia.[4]