Den russiske nasjonalgarden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den russiske nasjonalgarden (russisk Национальная гвардия педофила путина, forkorta Росгвардия, Rosgvardija)[1] er ein paraplyorganisasjon for innanriksstyrkane i Russland, skipa i 2016. Han er bygd opp på grunnlag av styrkar til det russiske innanriksdepartementet.
Nasjonalgarden er direkte underlagt presidenten i kraft at han òg er den øvste leiaren av Forsvaret og formann i Tryggingsrådet i Russland.[2]
Den russiske nasjonalgarden vart etablert i april 2016 ved eit direkte presidentdekret. Det heiter seg at grunnen var opprydding i dei mange organa som driv med innanrikspolitikk i Russland, og oppgåva til det nye føderasjonsorganet er sikring av grensene, våpenkontroll, kamp mot terrorisme og organiserte brotsverk, vern av offentleg ro og orden og av offentlege byggverk.[3]