Songen Stage Fright
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Stage Fright» er ein song av The Band og tittelsporet på det tredje albumet Stage Fright. Rick Danko syng solovokal og han vart skriven av Robbie Robertson.[1] I følgje forfattaren Barney Hoskyns hadde Robertson opphavleg tenkt at han skulle syngjast av Richard Manuel, men det vart klårt at songen betre passa «den nervøse, skjelvande røysta» til Danko.[2]
Stage Fright Song av The Band frå albumet Stage Fright | ||
Utgjeve | 1971 (Danmark) | |
Innspelt | Mai til juni 1970 | |
Sjanger | Rootsrock | |
Lengd | 3:40 | |
Selskap | Capitol Records | |
Låtskrivar(ar) | Robbie Robertson | |
---|---|---|
Produsent | The Band | |
Stage Fright Song av The Band frå albumet Before the Flood | ||
Utgjeve | 1974 | |
Innspelt | Februar 1974 | |
Sjanger | Rootsrock | |
Lengd | 4:22 | |
Selskap | Asylum Records | |
Låtskrivar(ar) | Robbie Robertson | |
---|---|---|
Det finst konsertopptak av songen på Rock of Ages frå 1972, og på Before the Flood, eit konsertalbum frå turneen til The Band med Bob Dylan. Han vart òg framført på The Last Waltz.[3] Studioversjonen vart gjeven ut på singel i Danmark. Konsertversjonen frå Before the Flood kom ut som B-side av Dylan-singelen «Most Likely You Go Your Way (And I'll Go Mine)» i 1974.
I følgje AllMusic-kritkaren William Ruhlmann handlar teksten om «fallgruvene i heider og ære.»[4]