The Last Waltz
From Wikipedia, the free encyclopedia
The Last Waltz er avskjedskonserten til The Band, filma av Martin Scorsese og gjeven ut som ein konsertfilm og album.
The Last Waltz Filmmusikk av The Band | ||
Språk | engelsk | |
Innspelt | 25. november 1976 Winterland Arena, San Francisco, California | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 129:06 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Robbie Robertson | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
The Band-kronologi | ||
Anthology (1978) |
The Last Waltz | To Kingdom Come (1989)
|
The Band, som bestod av Levon Helm på trommer, mandolin og vokal, Rick Danko på bass og vokal, Garth Hudson på orgel, Richard Manuel på keyboard, perkusjon og vokal og Robbie Robertson på gitar og viktigaste komponist, hadde opptredd i 16 år då dei avgjorde å avslutte samarbeidet med The Band.
Dei heldt den siste konserten sin på Winterland Ballroom i San Francisco og laga rockehistorie ved å samle nokre av dei aller fremste artistane og musikararane på den tida på ein og same konsert. Staden vart vald sidan det var det første staden gruppa hadde opptredd saman under namnet The Band. Konserten var ikkje berre ein avskjedskonsert, men òg ei feiring av dei sjølv og deira beste vener og inspirasjonskjelder.
Konserten vart halde på Thanksgiving, 25. november 1976 og publikum åt først kalkunmiddag og hadde «ballroomdans» før konserten. Bill Graham var konferansier.