Stage Fright
From Wikipedia, the free encyclopedia
Stage Fright er det tredje studioalbum av den kanadisk-amerikanske gruppa The Band, gjeve ut i 1970. Det inneheld to av dei mest kjende songane deira, «The Shape I'm In» og «Stage Fright», som vart spelt fast på konsertane deira.
Stage Fright Studioalbum av The Band | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. august 1970 | |
Innspelt | Mai og juni 1970 | |
Studio | Woodstock Playhouse i Woodstock i New York | |
Sjanger | Rootsrock | |
Lengd | 35:41 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | The Band | |
The Band-kronologi | ||
---|---|---|
The Band (1969) |
Stage Fright | Cahoots (1971)
|
Singlar frå Stage Fright | ||
|
Stage Fright var ei motseiande plate, som kombinerte oppløftande musikk og desillusjonerte tekstar, og utforska tema som fred, flukt og lettsindigheit som avslørte mørkare sider av melankoli, angst og utmatting.[1] Forfattaren Ross Johnson skildra det som «ei munter plate som utilsikta vart vedkjennande... ei lystig boltring gjennom ein ein ubehageleg periode i historia til gruppa.»[2] Som følgje av dette fekk det noko blanda kritikk samanlikna med dei kritikarroste føregangarane deira, hovudsakleg på grunn av korleis det skilde seg frå desse platene, og kanskje ikkje levde opp til forventningane.[3][4][5][6] Generelt var kritikarane samde i at musikken var solid. Dei hylla aspekt som den varierte teksturen Garth Hudson bidrog med, den skarpe gitaren til Robbie Robertson og funken til rytmeseksjonen Danko–Levon Helm, men dei var usamde i den plagsame tonen og den totale samanhengen på plata. I seinare år har kritikarar vore mildar i synet på plata og ofte rekna det på høgde med dei første to[7] og synte at dei framleis var i toppform.[8]
Det var mykje meir eit rockealbum enn dei to første platene og hadde eit meir nedslått, moderne fokus med mindre vokalharmoni, som hadde vore eit midtpunkt på dei to første albuma. Tradisjonen dei hadde hatt med å byte instrument heldt derimot fram, der kvar musikar bidrog på minst to forskjellige instrument. Albumet inneheld dei to siste songane komponerte av pianisten Richard Manuel, begge skrivne i lag med Robertson, som kom til å bli den meir dominerande låtskrivaren i gruppa fram til dei gav seg i 1976.
Stage Fright nådde femteplassen på Billboard-lista i USA, høgare enn dei to første albuma. Det var eit av tre album av The Band som selde til gullplate i USA (for meir enn 500 000 eksemplar).[9]