Slovakisk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slovakia er eit land i Sentral-Europa med fjellrike område i nord og flatt terreng i sør.
Slovakisk geografi | ||
Kart over Slovakia | ||
Plassering | ||
---|---|---|
Land | Slovakia | |
Koordinatar | 48°40′N 19°30′E | |
Totale landegrenser | 1 474 km | |
Grenseland | Austerrike 91 km, Tsjekkia 197 km, Ungarn 676 km, Polen 420 km, Ukraina 90 km | |
Geografi | ||
Areal - totalt: - land: - vatn: |
48 845 km² 48 800 km² 45 km² | |
Kystlinje | 0 km | |
Høgder - høgaste punkt: - lågaste punkt: |
Gerlachovský štít 2655 moh Elva Bodrok 94 moh | |
Lengste elv | Donau
| |
Arealbruk | ||
Dyrkbar mark | 29,23 % | |
Permanente avlingar | 2,67 %
| |
Anna | 68,1 % | |
Irrigert land | 1830 km² | |
Naturressursar | ||
brunkol og lignitt, små mengder jernmalm, kopar og manganmalm; salt; dyrkbar mark | ||
Naturfarar | ||
ingen | ||
Miljøproblem | ||
Luftforureining frå metallurgiske fabrikkar utgjer ein helsefare. Sur nedbør øydelegg skogane. |
Slovakia ligg mellom 49°36'48" og 47°44'21" nord og 16°50'56" og 22°33'53" aust.
Det nordlegaste punktet er nær Beskydok, eit fjell på grensa til Polen, nær landsbyen Oravská Polhora i Beskidane. Det sørlegaste punktet ligg nær landsbyen Patince ved Donau på grensa til Ungarn. Det vestlegaste punktet er ved Morava, nær Záhorská Ves på grensa til Austerrike. Det austlegaste punktet er nær toppen på Kremenec, eit fjell nær landsbyen Nová Sedlica der grensene til Slovakia, Polen og Ukraina møter kvarandre.
Det høgaste punktet er fjellet Gerlachovský štít i Høge Tatra med ei høgd på 2655 meter over havet, medan det lågaste punktet er Bodrog på grensa til Ungarn, 94 meter over havet.
Landet har eit areal på 48 845 km². 31% av landet er dyrkbar mark, 17 % er beitemark, 41 % skogar og 3 % åkerland. Dei gjenverande 8 % er hovudsakleg dekte av menneskeskapte strukturar og infrastruktur, og elles ulendte fjell.[1]
Slovakia grensar til Polen i nord, Ukraina i aust, Ungarn i sør, Austerrike i sørvest og Tsjekkia i nordvest, og har ei total landegrense på 1474 km, den lengste mot Ungarn.
Slovakia er hovudsakleg delt i to topografiske område, fjellområda med Karpatane i nord og låglandet med Den pannoniske sletta i sør. Om lag to tredjedelar av landet ligg i Dei vestlege Karpatane, som startar med Dei vesle Karpatane i vest og held fram som Fatra-Tatra-området.
Slettelandskapet i sør er delt inn i tre. Låglandet rundt Morava er ein del av Wienbekkenet, låglandet rundt Donau i sør høyrer til Den vesle ungarske sletta, medan låglandet i aust er ein del av Den ungarske sletta.
Det meste av landet ligg i nedslagsfeltet til Donau. Berre områda rundt Poprad og Dunajec i nord vert drenert til Austersjøen via Wisła. Grensa mellom nedslagsfelta til Donau og Wisła er ein del av Det europeiske vasskiljet.
Donau er den største elva i landet og utgjer ein del av landegrensa mot Ungarn. Dei største sideelvane hennar er Váh, Hron og Ipeľ. Ei anna viktig elv er Tisza som utgjer 5 km av grensa mot Ungarn i sørvest.
Den største naturlege innsjøen er Veľké Hincovo pleso i Tatrafjella med eit areal på 0,2 km². Det er òg fleire kunstige innsjøar, den største av desse er Oravareservoaret på 35 km².
Bruttonasjonalprodukt var 1,66 billiardar slovakisk koruna i 2006, som svarar til om lag 450 milliardar norske kroner,[2] eller rundt 78 000 kroner per innbyggjarar.
BNP per sektor:[3]
Dei vestlege regionane er meir utvikla enn dei i aust. I 2004 hadde Bratislava region det høgaste BNP-et per innbyggjarar med 573 976 SK, som er meir enn det dobbelt av landsgjennomsnittet. BNP per innbyggjar var 152 786 SK i Prešov region i nordaust, 60% av landsgjennomsnittet.[4]
Dyrkbar mark utgjer om lag 29% av Slovakia. Dei vanlegaste avlingane er kveite, bygg, mais, sukkerroer og poteter. Vindyrking er omfattande i sørlege område, hovudsakleg rundt Dei vesle Karpatane, Det donauske låglandet og Tokaj-området. Avl av buskap, som gris, kyr, sau er òg vanleg.[5]
Fossile brensel, særleg olje og gass, vert importert. I 2004 var den viktigaste energikjelda kraft frå atomkraftverk (55,7 %), som ein finn ved Jaslovské Bohunice og Mochovce. Ei anna energikjelde er vasskraftverk (13,9 %), og dei største av desse er Gabčíkovo-dammen i Donan og andre i Váh, Slaná, Orava og Hornád. Andre kjelder er kol (10,9 %), naturgass (7,9 %) og olje (2,4 %).[6] I 2005 konsumerte Slovakia 24,93 milliardar kWh elektristet.[3]
Klimaet i Slovakia er delt to i av same fjellrekkja som delar landet. Låglandet med Donaudalen i sørvest er det varmaste område av landet. Her kan òg fuktig luft strøyme nordover frå Middelhavet slik at fleire dagar i juli og august kan ha høg luftfukt. Resten av Slovakia har nesten like varme forhold om dagen, men nettene er som regel kjøligare, særleg i høgareliggande område. Sommaren er den våtaste tida på året, men i det store og heile er Slovakia eit tørt land til å vere i Europa. Torebyene vert færre i september og oktober. Seint på hausten kan derimot nedbøren ta seg opp igjen og gje nokså grått og trist vêr før vinteren kjem. Bratislava har ein normal årsnedbør på 649 mm, som er representativt for store delar av landet.[7]
Kalde luftmassar kan ofte legge seg til i dalane mellom fjella i Karpatane, og byar som Presov og Kosice kan få tåke fleire dagar på rad. I Bratislava har ein derimot meir vanlege vinterforhold med eit par særs kalde dagar, men òg nokre milde innimellom. Høgare terreng, som Tatrafjella, er generelt kaldare enn Donaudalen og kan få ein god del snø.[8] Dei høgsate toppane kan få snø alt frå september. Generelt er det derimot oftare mindre skyer i fjellområda enn låglandet i aust.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.