From Wikipedia, the free encyclopedia
Morava (tysk March) er ei elv i Sentral-Europa, og ei av dei viktigaste elvene i Moravia, som ho har fått namnet sitt frå. Elva har sitt utspring i Králický Sněžník-fjellet i det nordvestlege hjørnet av Moravia, nær grensa mellom Tsjekkia og Polen, og går gradvis sørover. Den nedre delen av elva dannar grensa mellom Tsjekkia og Slovakia, og så mellom Austerrike og Slovakia. Etter om lag 358 km renn Morava ut i Donau ved Bratislava-Devín. Dei einaste store byane langs elva er Olomouc i Moravia og Bratislava, hovudstaden i Slovakia.
Morava | |||
elv | |||
Land | Austerrike, Tsjekkia Slovakia | ||
---|---|---|---|
Renn gjennom | Olomouc, Bratislava | ||
Lengd | 358 km | ||
Middelvassføring | 120 m³/s | ||
Kjelde | Králický Sněžník-fjellet i Moravia | ||
Munning | Donau ved Bratislava-Devín | ||
Morava 50.205189°N 16.849248°E | |||
Wikimedia Commons: Morava River | |||
Låglandet som elva har skapt er den øvre Moraviadalen (Hornomoravský úval), den nedre Moraviadalen (Dolnomoravský úval), Moraviasletta (mellom Wien og Morava) i Nedre Austerrike, og låglandet Záhorie (Záhorská nížina) i Slovakia (slette mellom Moravia og Bratislava).
Den viktgaste sideelva er Thaya (på tysk) eller Dyje (på tsjekkisk og slovakisk), som renn på grensa mellom Nedre Austerrike og Moravia. Ei anna sideelv er Myjava (som renn ut i Morava ved Kúty).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.