Slaget ved Villinghausen
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaget ved Villinghausen (eller Vellinghausen) var utkjempa 15. og 16. juli 1761 mellom ein stor fransk arme og ein samla prøyssisk-hannoveriansk-britisk arme leia av hertug Ferdinand av Braunschweig.
Slaget ved Villinghausen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av sjuårskrigen | |||||||
Monument for slaget ved Villinghausen; reist rundt 1912 | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Storbritannia |
Frankrike[1] | ||||||
Kommandantar | |||||||
Ferdinand av Braunschweig | Duc de Broglie Prince de Soubise | ||||||
Styrkar | |||||||
~100 000 | ~80 000 | ||||||
Tap | |||||||
1400 | 5000 (Broglie 4700, Soubise 300) |
Menorca – Lobositz – Reichenberg – Praha – Kolín – Hastenbeck – Gross-Jägersdorf – Moys – Rochefort – Rossbach – Breslau – Leuthen – Rheinberg – Krefeld – Domstadtl – Cherbourg – Zorndorf – Saint Cast – Tornow – Lutterberg – Hochkirch – Bergen – Kay – Minden – Kunersdorf – Hoyerswerda – Frisches Haff – Maxen – Meissen – Landeshut – Korbach – Emsdorf – Warburg – Liegnitz – Kloster Kampen – Torgau – Villinghausen – Kolberg – Wilhelmstahl – Burkersdorf – Lutterberg – Almeida – Kassel – Freiberg |
To franske armear, under to marskalkar, Duc de Broglie og Prince de Soubise møtte opp i juli 1761 for å tvinge hertug Ferdinand av Braunschweig-Lüneburg ut av Lippstadt, ein viktig by. Den allierte prøyssisk-hannoveriansk-britiske styrken sette linjene sine opp langs ei rekkje åsar, med venstre sida fast ved elva Lippe (i nord) og Ahse sentralt. Den franske armeen rykte fram den 15. juli og troppane til Broglie i nord klarte å presse dei tyske troppane under Wutginau. Dei britiske styrkane under Granby like sør for Wutginau heldt stillinga si og det franske åtaket stoppa opp. Begge sidene fekk forsterkingar i løpet av natta og Ferdinand forsterka venstreflanken i større grad enn den høgre.
Morgonen etter heldt Broglie fram åtaket mot den allierte venstreflanken, og venta at Soubise skulle angripe den svekka høgreflanken. Soubise klarte berre å gjere nokre få mindre åtak til høgre, mellom anna fordi begge dei franske kommandantane hadde same rang og derfor var motvillig til å ta ordre frå kvarandre. Allierte forsterkingar under Wolff kom kort tid etter langs Lippe og gjekk til åtak på den franske flanken. Dette stoppa åtaket til Brogliew og tvinga mennene hans i retrett. Rundt middagstider var franskmennene i full tilbaketrekking og slaget var over.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.