Hannover
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hannover er ein by nord i Tyskland ved elva Leine. Han er hovudstaden i den tyske delstaten Niedersachsen, og styrte òg den mindre Hannover-regionen, fram til regionane i Niedersachsen vart oppløyst i 2005. Byen har eit folketal på om lag 550 000, og er eit stort senter i Nord-Tyskland.
Hannover | |||
by | |||
|
|||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Niedersachsen | ||
Landkreis | Hannover | ||
Høgd | 55 m | ||
Areal | 204,15 km² | ||
Folketal | 548 186 (31. desember 2023) | ||
Postnummer | 3000–30669 | ||
Retningsnummer | 0511 | ||
Bilnummer | H | ||
![]() Hannover 52.374444444444°N 9.7386111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Hannover | |||
Hannover er ein kjend messeby. Kvar sommar huser han verdas største datamesse, CeBIT, og industrimessa Hannover Messe. I 2000 var Hannover vert for verdsudstillinga Expo 2000. Kvart år vert «Schützenfest Hannover» og Oktoberfest Hannover, som er den største Oktoberfest i verda, halde her.
Hannover har universitet med medisinsk utdanning, ein internasjonal flyplass og ein stor dyrehage (Hannover Zoo).
Historie
Hannover var opphavleg ein landsby av fiskarar og ferjemenn. Han voks til ein by i mellomalderen, då ein mellom anna bygde bymuren og fleire kyrkjer.
Greven av Braunschweig flytta til byen i 1636, og grevskapet hans vart sidan kalla Hannover. Denne adelsslekta skulle seinare få innpass i det britiske kongehuset. I fem generasjonar var den britiske monarken òg regent av Hannover. Då Victoria overtok trona i Storbritannia gjekk kongedømet Hannover over til den næraste mannlege arvingen.
Hannover vart annektert av Preussen i 1866. Byen fortsette å veksa, men vart som så mange andre tyske byar svært øydelagd av bombeåtak under den andre verdskrigen. På grunn av dette har Hannover også mange moderne bygg.
Industri
Niedersachsen er eit viktig industriområde, og i Hannover ligg fabrikkane til mellom anna Volkswagen og Mercedes-Benz. På 1800-talet blei industrikonsernet Hanomag ein viktig industri i byen. Konsernet vart kjøpt opp av Mercedes-Benz på 1960-talet.
Anna
Rockegruppene Scorpions og Fury in the Slaughterhouse kjem frå denne byen
Galleri
- Moderne arkitektur laga av Frank Gehry.
- Kröpckeplassen med Kröpckeklokka i desember 2004.
- Det nye rådhuset i Hannover.
- Utsyn over byen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.