From Wikipedia, the free encyclopedia
Det første slaget ved Höchstädt vart utkjempa 20. september 1703, nær Höchstädt i Bayern, og resulterte i ein siger til Frankrike og Bayern under marskalk Villars mot den austerrikske general Limburg Styrum.
Slaget ved Höchstädt | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Austerrike | Frankrike[1] Kurfyrstedømet Bayern | ||||||
Kommandantar | |||||||
Limburg Styrum Leopold I av Anhalt-Dessau |
Claude de Villars Maximilian II Emanuel | ||||||
Styrkar | |||||||
16 000 | 24 000 | ||||||
Tap | |||||||
5 000 døde, skadde og kringsfangar | 1 000 døde eller skadde |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Den 5. september hadde hovudstyrken til keisaren under markgreve Ludvig Vilhelm av Baden-Baden teke fristaden Augsburg, og truga Bayern frå vest. Ludvig av Baden hadde etterlate ein styrke på 16 000 mann under Styrum nord for Donau, som flytta austover og nådde Höchstädt den 19. september. Villars og kurfyrste Maximilian II Emanuel av Bayern flytta armeen sin på 17 000 mann for å avskjere denne styrken, og gav ordre til ein annan fransk styrke på 7 000 mann under d'Usson nær Dillingen om å gå til åtak bakfrå.
Denne planen mislukkast nesten då d'Usson gjekk til åtak for raskt og armeen hans, som var i mindretal, vart pressa attende av Styrum. Men Villars og Maximilian Emanuel nådde akkurat fram i tide, og gjekk til åtak på keisararmen, før dei kunne gå attende i stillingane sine. Det var berre på grunn av heroisk motstand av baktroppen under Leopold I av Anhalt-Dessau at Styrum kunne redde armeen sin og nå Nordlingen.
Austerrikarane tapte 5 000 mann, hovudsakleg som krigsfangar, 37 kanonar og det meste av armetoget. Franskmennene og bayerane tapte 1 000 mann.
Eit år seinare vart det andre slaget ved Höchstädt utkjempa, kjend på engelsk houvdsakleg som slaget ved Blenheim.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.