From Wikipedia, the free encyclopedia
Slaget ved Ekeren, 30. juni 1703, var eit slag i den spanske arvefølgjekrigen. Franskmennene omringa ein nederlandsk styrke, som berre så vidt unngjekk å verte heilt utsletta. Slaget enda alt håp om ein avgjerande alliert siger i Dei spanske Nederlanda i 1703.
Slaget ved Ekeren | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Dei sameinte Nederlanda | Frankrike[1] Spania | ||||||
Kommandantar | |||||||
General Obdam General Slangenburg |
Frankrike Duc de Boufflers Frankrike Duc de Villeroi | ||||||
Styrkar | |||||||
10 000 | 40 000 | ||||||
Tap | |||||||
3,400 | 1,750 |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Etter å ha teke Bonn den 15. mai, ønskte Marlborough no å erobre Ostend i Antwerpen, eller tvinge franskmennene ut i open kamp. Han gav ordre til den nederlandske generalen Coehoorn til å marsjere til Ostend og omleire han. Den nederlandske generalen Van Sparre marsjerte sørvest mot Antwerpen, medan den nederlandske generalen Obdam marsjerte sørover frå Bergen op Zoom, og Marlborough sjølv marsjerte mot Lier.
Som året før var ikkje Dei sameinte Nederlanda ivrig etter å møte franskmennene i open kamp, heller ikkje opne hamnene i Antwerpen og Ostend for engelsk handel og opne konkurransen med nederlendarane. Derfor omleira ikkje Coehoorn Ostend, men plyndra i staden landsida mellom Ostend og Antwerpen.
Obdam marsjerte den 28. juni frå Bergen op Zoom til Antwerpen, og nådde fram dagen etter ved Ekeren, sju kilometer frå Antwerp.
Villeroi vart ikkje avleidd av den avleiande manøveren til Marlborough, og sende alle soldatane sine frå Diest til Antwerpen for å verne byen. Marlborough fekk høyre om dette og prøvde å åtvare Obdam og ordre han om trekkje seg attende til Lillo, men Obdam reagerte for seint.
Tidleg om morgonen den 30. juni marsjerte franske dragonar frå Merksem og Ekeren i retning mot Kapellen for å avskjere rømmingsvegen nær Hoevenen slik at nederlendarane ikkje kunne vende attende til Breda og Bergen-op-Zoom. Markien av Bedmar og dei spanske soldatane hans tok stilling nær Wilmarsdonk. Dette sikra at dei nederlandske styrkane var omringa på alle sider.
Så snart dei nederlandske rekogniseringstroppane oppdaga dei franske dragonane, sende Obdam med ein gong kavaleriet sitt til Hoevenen, men det var for seint. Landsbyen var alt fullt opp av franske soldatar. Eit forsøk på å erobre nabolandsbyen Muisbroek var òg mislukka. Då franskmennene gjekk til åtak, prøvde Obdam å ta Oorderen, noko han klarte ei kort stund, før franskmennene gjenerobra landsbyen.
Kampane pågjekk heile dagen. Klokka åtte om kvelden var det ikkje lenger teikn til Obdam, og Slangenburg valde å gå til åtak på Oorderen, denne gongen med eit overraskande bajonettåtak leia av Friesheim. Friesheim sende mennene sine vassande gjennom vatnet, og dukka opp der franskmennene ikkje hadde venta dei. Dette gjorde at dei gjenverande nederlandske soldatane klarte å rømme i mørkret attende mot Nederlanda.
Slaget var ein siger for franskmennene, men Boufflers vart ikkje gratulert i det heile. Han vart i staden for skulda får å ha late ein total siger sleppe unna.
Obdam overlevde og rømde sørover om ettermiddagen med tretti kavaleristar, forkledd som franskmenn. Då han nådde fram til Nederland, skreiv han eit brev som tilet at heile armeen hans vart øydelagd. Oppførselen hans vart ikkje tilgjeven av det nederlandske militæret, og militærkarrieren hans var over.
Slangenburg, for hans del, vart hylla som ein nederlandsk helt. Han var òg rasande på Marlborough for at han vart utmanøvrert av franskmennene og ikkje kom med støtte.
Nederlendarane fekk 1717 drepne, 1003 skadde og 694 krigsfangar eller sakna. Franskmennene og spanjolane tapte 1750 mann.
Ein stor del av slagmarka, inkludert landsbyane Oorderen, Wilmarsdonk og Lillo, har forsvunne under Antwerpen hamn då denne vart utvida i 1960-åra.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.