Sjøfuglar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sjøfuglar er fuglar som har tilpassa levemåten til det marine miljøet. Jamvel om sjøfuglar varierer mykje i levemåte, åtferd og fysiologi, demonstrerer dei ofte konvergerande evolusjon. Med felles miljøutfordringar, og nisjar i næringstilgang har sjøfuglar med høgst ulike utgangspunkt utvikla likskap i tilpassingar til miljøet. Dei første sjøfuglane utvikla seg i krittida, og moderne sjøfuglfamiliar oppstod i paleogen.
Ein har data på at individ av sjøfuglar generelt har lengre levealder enn andre fuglar,[1] dei har lågare reproduksjonsrate enn andre fuglar ved at dei har sein kjønnsmodning, får mindre kull og mislukkast i hekkesesongar med svak næringstilgang, men dei investerer mykje tid omsut for ungane. Dei fleste sjøfuglartar hekkar i koloniar som kan variere i storleik frå nokre titals par til mange millionar. Mange av artane er kjente for å gjennomføre lange årlege migrasjonar, kryssar ekvator eller tar jordomflyging i somme fall. Sjøfuglar tar føde både på havoverflata og under overflata, og somme er sjølv føde for større artar. Sjøfugl kan leve mykje pelagiske, vere kystnære, eller i nokre tilfelle opphalde seg heilt borte frå havet i delar av året som det til dømes symjesnipene gjer.
Menneske har over lang tid tatt føremon av sjøfuglar. Fuglane har gjeve mat til jegerar, rettleia fiskarar mot fiskestimar og vist sjøfolk vegen mot land. I dag er mange av artane trua av menneskelege aktivitetar, og vernearbeid er i gang for å motverke trugsmåla.