Ekvator
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ekvator er ei tenkt linje rundt ein planet midtvegs mellom polane der skjeringsplanet er vinkelrett på rotasjonsaksa til planeten. Ekvator deler overflata av planeten inn i den nordlege halvkula og den sørlege halvkula. Breiddegrada ved ekvator er per definisjon 0°. Jorda sin ekvator er omtrent 40 070 km lang.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |