Seriemaer
From Wikipedia, the free encyclopedia
Seriemaer er ein biologisk familie med to store fugleartar som lever i sentrale og austlege Sør-Amerika. Dei to artane er einaste nolevande medlemmer frå den litle og gamle familien med det vitskaplege namnet Cariamidae. Ein har tidlegare gått ut frå at familien har hatt ein uklår slektskap med familiar i ordenen tranefuglar, men somme plasserer no Cariamidae i sin eigen orden seriemafuglar, Cariamiformes.[1] Familien har to artar:
- Raudbeinseriema, Cariama cristata, lever i område frå austlege Brasil til Sentral-Argentina. Denne største seriemaarten hekkar på bakken eller i ein busk eller i eit tre opp til 3 meter over bakken.
- Svartbeinseriema, Chunga burmeisteri. Han er funnen i nordvestre Argentina og i Paraguay. Han hekkar i tre.
Seriemaer | |
Raudbeinseriema Cariama cristata Foto: Whaldener Endo | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Seriemaer | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Cariamiformes |
Familie: | Seriemaer Cariamidae Bonaparte, 1853 |