Froskar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Froskar

Froskar er slanke, vasslevande amfibium i ordenen halelause padder (Anura).

Thumb
Buttsnutefrosk (Rana temporaria) med froskeegg.
Thumb
Frosk som sym

Omgrep

Omgrepet er ikkje ei taksonomisk gruppe, men er ei polyfyletisk gruppe der padder ikkje er tekne med. Denne inndelinga gjev ei viss meining i europeisk samanheng, der ho omtrent samsvarer med familiane ekte froskar Ranidae og padder (Bufonidae). Utanfor Europa finst det derimot halelause padder som ikkje fell naturleg inn i denne grupperinga.

Den arten ein gjerne meiner når ein snakkar om «frosk» på norsk er buttsnutefrosk (Rana temporaria).[1] I Noreg finst det elles fire andre artar ein kallar froskar. Rana er ei biologisk slekt med ein del typiske froskar, medan familien ho høyrer til, Ranidae, blir kalla ekte froskar.

I Noreg er det registrert fire froskeartar:

Ordsoge

«Frosk» kjem av norrønt froskr og har samanheng med ordet «frode» (bokmål «fråde»).[1] Ordet er i slekt med engelsk frog og tysk Frosch og kjem frå urgermansk *fruska-z med den urindoeuropeiske rota *preu- ('å hoppe, springe').[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.