From Wikipedia, the free encyclopedia
Samisk språkforvaltingsområde, eller forvaltingsområdet for samisk språk er eit område der norsk og samisk er likestilte språk, slik at kommunale og statlege organ i kommunane pliktar å leggje til rette for bruk av samisk språk. Dei som brukar samisk språk når dei kontaktar eit offentleg organ innanfor forvaltingsområdet, har i mange tilfelle krav på å få svar på samisk. Den norske kyrkja skal innanfor forvaltingsområdet yte individuelle kyrkjelege tenester på samisk. Kongen fastset kva for norske kommunar som skal inngå i det samiske språkforvaltingsområdet.[1]
Tretten kommunar er med i det samiske språkforvaltingsområdet:[2] Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Porsanger, Tana, Kåfjord, Lavangen, Tjeldsund,[3] Hattfjelldal,[4] Hamarøy, Røyrvik,[5] Røros[6] og Snåsa kommunar.
I tillegg har Bodø kommune vedtatt i bystyret 9.12.2021 å søka innlemming i forvaltingsområdet.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.