From Wikipedia, the free encyclopedia
Rita Sahatçiu Ora (fødd 26. november 1990) er ein kosovoalbansk-britisk songar, låtskriver og skodespelar. Ho blei fyrst kjend i februar 2012 då ho tok del på DJ Fresh-singelen «Hot Right Now», som kom på fyrsteplassen på den britiske hittlista. Debutalbumet hennar Ora kom ut i august 2012, og gjekk rett inn på fyrsteplassen på den britiske albumlista. Albumet omfatta singlane «R.I.P.» og «How We Do (Party)», som begge nådde fyrsteplassen på den britiske hittlista. Ora var artisten med flest singlar på fyrsteplassen på UK Singles Chart i 2012, med tre singlar som nådde fyrsteplassen.[1]
Rita Ora | |||
| |||
Fødd | 26. november 1990 (33 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Priština | ||
Fødenamn | Rita Sahatçiu | ||
Opphav | Storbritannia, Jugoslavia | ||
Aktiv | 2008– | ||
Sjanger | moderne R&B, urban contemporary | ||
Instrument | piano, vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Plateselskap | Roc Nation, Columbia Records, Atlantic Records | ||
Verka som | songar, skodespelar, modell, filmskodespelar, låtskrivar, stemmeskodespelar, songtekstforfattar, songar-låtskrivar | ||
Mor | Vera Sahatçiu | ||
Far | Besnik Sahatçiu | ||
Gift med | Taika Waititi | ||
Prisar | Bambi-prisen, Los Premios 40 Principales for Best International Video, MTV Video Music Award for Best Dance Video, QQ Music Awards |
Det andre albumet hennar, Phoenix, kom ut i november 2018. Den fyrste singelen frå det, «Your Song», nådde topp ti i Storbritannia, og dei påfølgkande singlane «Anywhere» og «Let You Love Me» nådde topp fem. «Let You Love Me» gjorde Ora til den fyrste britiske kvinnelege soloartisten til å ha tretten topp ti-songar i Storbritannia.[2]
Ora blei fødd i Pristina i dåverande Jugoslavia (no i Kosovo).[3] Familien var albanarar, og forlét Kosovo og kom til England som flyktningar[4] då Ora var eitt år gammal.[5] Rita Ora voks opp i Notting Hill i Vest-London.[6] Ho var elev ved ein skule for utøvande kunst, Sylvia Young Theatre School.[7]
Ora opptredde ved open mic-tilstellingar rundtom i London og tidvis i puben som far hennar dreiv.[8] I 2008 deltok ho på audition for Eurovision: Your Country Needs You på BBC One, ei tevling for å utpeika den britiske artisten til Eurovision Song Contest 2009. Ho kvalifiserte seg, men trekte seg frå tevlinga etter nokre episodar fordi ho ikkje følte seg klar for nett denne utfordringa.[9][10]
Kort tid etter tok manageren til Ora kontakt med det amerikanske plateselskapet Roc Nation om henne. Ora skreiv ein innspelings- og utgjevingskontrakt med Roc Nation i desember 2008, og var ein av dei fyrste artistane som signerte med dei.[11][12][13] Ho hadde opptredenar i Jay Z sin video for «Young Forever» (2009) og Drake sin video for «Over» (2010).[14][15] Ora spelte inn eit album ho ville gje ut, men plateselskapet tala imot det og ho byrja å arbeida med nytt materiale til debutalbumet sitt.[8]
I heile 2011 gav Ora ut coversongar og videoar om arbeidet sitt med debutalbumet på YouTube.[16] DJ Fresh fekk auga opp for videoane medan han var på utkikk etter ein kvinneleg vokalist til songen «Hot Right Now».[17] Ora blei med på singelen, som kom ut 12. februar 2012 og gjekk rett inn på fyrsteplassen på UK Singles Chart.[18] I februar 2012 opna også Ora for Drake ved dei britiske konsertane hans i Club Paradise Tour.
Den fyrste singelen frå debutalbumet hennar, «R.I.P.» (med Tinie Tempah), kom ut i Storbritannia 6. mai 2012.[19] Songen var produsert av Chase & Status. Han gjekk rett inn på toppen av den britiske hittlista, og blei dermed den fyrste fyrsteplassen hennar som solist.[20] 12. august 2012 kom «How We Do (Party)» ut, og nådde fyrsteplassen både i Storbritannia og Irland. Dette var den andre britiske fyrsteplassen til Ora som soloartist, og den tredje totalt i 2012.[21]
Ho deltok på Coldplay sin Mylo Xyloto Tour. På denne tida annonserte ho tittelen til debutalbumet sitt, Ora.[22] Albumet kom ut 27. August 2012 i Europa og Oseania, og gjekk rett inn på toppen av UK Albums Chart.[1] Ora blei noominert til Best New Artist, Push Artist og Best UK/Ireland Act ved MTV Europe Music Awards 2012.[23] I september 2012 blei det kunngjort at Ora skulle opna for Usher under dei britiske konsertane av hans Euphoria Tour, som skulle byrja i januar 2013. Denne turneen blei seinare utsett til eit seinare tidspunkt av Usher.[24] Frå 23. til 30. oktober 2012 hadde Ora sin fyrste eigne konsertturne, Ora Tour, som var ein mini-turne i USA.
«Shine Ya Light» kom ut 4. november, og blei den fjerde singelen til Ora på hittlista på rad, med ei topplassering på tiandeplassen.[25][26] 28. november 2012 hadde Ora ein gjesteopptreden ved ein konsert arrangert i Tirana i Albania ved markeringa av hundreårsjubileet til sjølvstendet for Albania.[27] Ora la ut på sin fyrste turne i Storbritannia, Radioactive Tour, i januar 2013, i samband med utgjevinga av debutalbumet. Ho blei nominert til tre prisar ved Brit Awards 2013, mellom anna for British Breakthrough Act.[28]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.