![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/03/Gudbrand_Lundes_rettskrivning_%25281941%2529.png/640px-Gudbrand_Lundes_rettskrivning_%25281941%2529.png&w=640&q=50)
Rettskrivinga av 1941
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rettskrivinga av 1941 var ei rettskrivingsreform etter tankane som rådde i partiet Nasjonal Samling (NS). Under den andre verdskrigen var partiet med tysk hjelp det statsberande partiet i Noreg. Dermed kunne partiet få gjennomført tankar det ikkje fekk fleirtal for før krigen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/03/Gudbrand_Lundes_rettskrivning_%281941%29.png/320px-Gudbrand_Lundes_rettskrivning_%281941%29.png)
Nasjonal Samling sitt program av 1934 gjekk inn for samansmelting av dei to norske målformene bokmål og nynorsk. I og med rettskrivinga av 1938 var det gjort endringer i skriftnormalane som peika i retning av eit framtidig samnorsk, men både Riksmålsrørsla og NS gjekk imot dette, som dei kalla «det kohtske knot».
Kulturminister Guldbrand Lunde ynskte å setja eit eige «nasjonalsosialistisk» preg på rettskrivinga. Målet med rettskrivinga av 1941 var å få slutt på «knotet» frå 1938. Halvdan Koht og Arbeidarpartiet hadde etter NS si meining sett i gang eit mislukka prosjekt med mål om å få ei samla skriftnorm med arbeidarpreg.
Målet i 1941 var ikkje mindre enn eit «høynorsk høvisk mål».
Rettskrivinga av 1941 merka seg blant anna ut ved å ta inn nokre få særnorske eller nynorske ord i eit elles konservativt riksmål / bokmål. Eit mål var å knyta band attende til norrøn tid. Både i nynorsk og bokmål vart talet på valfrie former skore drastisk ned.
Landsmålsforma «no» skulle nyttast i bokmål, medan «nu» var nytta før 1938, og «nå» frå 1938. «Fram», «etter», «bjørk», «snø», «farge» og «heim» skulle skrivast som i 1938-reforma. «Veg» skulle nyttast i staden for «vei».
Ordet «jente» på riksmål fekk ein g føre seg, slik det var i den høgnorske varianten av nynorsk. Nasjonal Samling sin samskipnad for unge jenter vart difor heitande «Gjentehirden».
Dei fleste endringane i rettskrivinga av 1941 i høve til rettskrivinga av 1938 gjekk i konservativ retning, i retning riksmål for bokmålet sin del. Obligatorisk a-ending i nøytrum fleirtal blei avskaffa, altså «eplene» i staden for «epla», «forholdene» i staden for «forholda». Formene «ville», «skulle» og «kunne» blei avskaffa til fordel for «vilde», «skulde» og «kunde». Det blei også tilrådd at a-ending i hokjønn berre skulle brukast i ord for heimlege og kvardagslege ting, om lag slik det var etter rettskrivinga av 1917, altså «kua» men «regjeringen».
For nynorsk blei i-ending igjen likestilt med a-ending i sterke hokjønnsord, altså «bygdi» for «bygda», og former som «gikk», «skole», «hjerte» og «søndag» blei forbodne. Det grammatikalske formverket blei generelt meir konservativt enn i 1938-rettskrivinga i begge målformene. Dette er hovudretninga på 1941-rettskrivinga, det NS-styret sjølv kalla oppgjeret med «knotet», i retning riksmål når det gjeld bokmålet, i retning høgnorsk når det gjeld nynorsken. Dei få symbolske enkeltformene i samnorsk retning som blei gjorde obligatoriske i bokmålet var unntaka, ikkje regelen.