Rettskrivinga av 1938
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rettskrivingsreforma av 1938 er kalla den store samnorskreforma, og var i mykje eit framhald av tanken og retninga i rettskrivinga av 1917. Samnorsktanken var ein ide om å føre bokmål og nynorsk saman, på grunnlag av folkemålet, ein politisk tanke om det faktisk tala norske språket i stordelen av landet, det reelle fleirtalsspråket i landet. Denne tilnærmingslinja eller folkemålslinja var dominerande i norsk språkpolitikk i stordelen av det førre hundreåret, men er no offisielt forlaten. Arkitekten bak reforma i 1938 var historikaren og sosialisten Halvdan Koht, som i 1938 var utanriksminister i regjeringa til Johan Nygaardsvold.
Etter rettskrivinga av 1938 blei ein del former obligatoriske som i 1917 var valfrie. Vidare blei systemet med klammeformer (sideformer) innført, det vil seie former godtatt som rette etter rettskrivinga, og dermed godtatt i elevarbeid, men ikkje i lærebøker.