Blix forlag
From Wikipedia, the free encyclopedia
Blix forlag var eit forlag som var eigd av Bjørn Blix. Det var drive av bokhandlar Sverre Scheen.
Forlaget var saman med Kamban forlag, Centralforlaget og Stenersens forlag eit av dei såkalla «NS-forlaga». Forlaget samarbeidde nært med NS og utgav ein stor del av NS' propagandabrosjyrar og -litteratur under krigen. Det er derfor ofte omtalt som NS' «partiforlag». Forlaget utgav aldri i nokon grad skjønnlitteratur. Før krigen utgav det føretakshistorie og eit større verk om Oslo-marka. Under krigen kom i tillegg historiske verk og reiselivsskildringar. Mange av bøkene var omsette frå tysk.
Forlaget hadde bestseljar med Jonas Lie d.y. si reiseskildring "Over Balkans syv blåner" (1942).