planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Cola er ei planteslekt av eviggrøne tre som stammar frå tropiske skogar i Afrika. Dei høyrer til i kattostfamilien (Malvaceae). Artar i denne slekta blir tidvis omtalte som kolatre eller kolanøtt for den koffeinhaldige frukta si, som blir brukt symbolsk, som mat og som smakstilsetjing. Trea kan bli opptil 20 meter høge og har blanke, eggforma blad som er opptil 30 cm lange. Frukta er stjerneforma.[1]
Cola | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kattostordenen Malvales |
Familie: | Kattostfamilien Malvaceae |
Underfamilie: | Sterculioideae |
Slekt: | Cola Schott & Endl., 1832 |
Slekta blei lenge rekna som nærskyld den søramerikanske slekta Theobroma, eller kakao, men er seinare blitt plassert i sin eigen underfamilie, Sterculioideae.
Cola omfattar rundt 100 til 125 artar som finst i det eviggrøne låglandet og fjellskogane i Fastland-Afrika, hovudsakleg i tropiske område.[2] Det eldste funnet av Cola er Cola amharaensis, eit velpreservert fossil av eit bald frå sein oligocen Guang-elvflora i dagens Etiopia, datert til 27,23 ± 0,1 millionar år sidan.[3][4] Kolanøtter er frø hausta frå fruktene, hovudsakleg frå artane Cola nitida og Cola acuminata (kolatre).[2] Utanfor Afrika blir nokre av artane dyrka for nøttene sine, som i Brasil, på Jamaica og andre stader i dei fuktige tropane.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.