From Wikipedia, the free encyclopedia
Alltidgrøn eller eviggrøn er nemningar for ei plante som har grøne blad heile året. Somme artar er det ein kallar vintergrøne, det vil seie at dei held på blada inntil dei nye blada foldar seg ut ved lauvsprett. I motsetning til desse to gruppene har ein dei lauvfellande plantene, som mister blada om vinteren, der det er kaldt, eller i tørketida, når vasstapet er for stort for planta.
Dei fleste eviggrøne plantene held på blada i halvtanna år til fem år, men rekorden ligg på omkring 40 år (Pinus longaeva).
I tropane er dei fleste plantene eviggrøne. I Skandinavia utmerker bartrea seg. Av andre eviggrøne bladplanter i skandinavisk natur er eføy og kristtorn mest kjende, men her finn ein òg eviggrøne lyngplantar, og bregnar.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.