Tropane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tropane er det geografiske området av jorda som ligg rundt ekvator, mellom dei to vendekretsane, om lag 23°30' (23,5°) N og 23°30' (23,5°) S. Dette området vert òg kalla den heite sona.
Dette området inkluderer alle områda på jorda der sola i løpet av eit år står i senit. I tempererte soner vil sola aldri nå ei høgd på 90º eller stå direkte over hovudet på ein. Ordet «tropane» kjem frå det greske ordet tropos som tyder «vending», fordi sola tilsynelatande svingar mellom dei to vendekretsane med ein periode som definerer middellengda på eit år.
Tropiske planter og dyr er dei artane som høyrer heime i tropane. Tropisk vert òg av og til brukt om det tropiske klimaet, eit klima som er varmt og fuktig året rundt, og som ofte inneheld frodig vegetasjon. Det finst derimot stader i tropane som ikkje har tropisk klima, til dømes Mauna Kea på Hawaii, Kilimanjaro i Afrika eller Andesfjella i Sør-Amerika. Ein har òg stader i tropane som er tørrare med lågare luftfukt, slik som Sahara, Sentral-Afrika og dei nordlege områda av Outback i Australia.
Tropiske økosystem kan utgjere regnskogar, tørre lauvskogar, barskogar, ørkenar og andre habitat. Ein har ofte område med stort biologisk mangfald og endemiske artar, særleg i regnskogar og tørre lauvskogar. Døme på slike stader er regnskogane i Costa Rica, skogane på Madagaskar og Waterbergbiosfæren i Sør-Afrika.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.