From Wikipedia, the free encyclopedia
Peepshow er det niande studioalbumet til det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees, gjeve ut i september 1988 på Polydor. Det var den første plata deira som ein kvintett etter at multi-instrumentalisten Martin McCarrick og gitaristen Jon Klein var komne inn i gruppa. Gruppa var inspirert av mykje forskjellig då dei spelte inn dette varierte albumet. Både albumet og singlane «Peek-a-Boo» og «The Last Beat of My Heart» seld godt, og albumet nådde 68. plassen på Billboard 200-lista i USA i starten av desember 1988.[1] Det låg i alt 20 veker inne på denne lista.[2]
Peepshow Studioalbum av Siouxsie and the Banshees | ||
Utgjeve | 5. september 1988 | |
Innspelt | Januar til juni 1988 | |
Studio | Marcus i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 42:41 | |
Selskap | ||
Produsent |
| |
Siouxsie and the Banshees-kronologi | ||
---|---|---|
Through the Looking Glass (1987) |
Peepshow | Boomerang The Creatures (1989) |
Siouxsie Sioux-kronologi | ||
Through the Looking Glass Siouxsie and the Banshees (1987) |
Peepshow | |
Singlar frå Peepshow | ||
|
Peepshow vart møtt med god omtale, og særskild vart det nemnt den uføreseielege orkestreringa og dei nye nyansane i røysta til Siouxsie. Albumet vart sidan ommastra og gjeve ut med bonusspor i oktober 2014.[3] I desember 2018 kom albumet ut på 180-grams vinyl med ommastra lyd.
Samantha Bennett skreiv ei bok om Peepshow i 2018, som ein del av serien 33 1/3.[4]
Parke Puterbaugh skildra «Peek-a-Boo» som ein «lydcollage med baklengs perkusjonsspor» medan røysta hoppar frå kanal til kanal. «The Killing Jar» opnar med «ein liten dæsj reggae» før musikken går over i ein transeliknande bordun ala Brian Eno. «Scarecrow» har ei «arabisk kjensle» og den første sida oppnår eit klimaks i «Burn-Up», med cello og trommer «som simulerer momentumet til eit tog».[5]
Peepshow fekk mykje god kritikk. Q gav albumet fem av fem stjerner og skreiv: «Peepshow finn stad på eit forvrengd tanketivoli der rare og fantastiske former opptrer.» Mark Cooper hylla «Trekkspelet til Martin McCarrick som kakkar seg inn i 'Peek A Boo' [...] eit underfundig stykke musikalsk fantasi». Han skreiv at «resten av plata er sprekkferdig med liknande fantasihandlingar. All ære til McCarrick for alle dei smarte dekorasjonane og trommeslagaren Budgie for stadig nyskapande rytmar som klarar å setje spaninga som finst i kvar song på spissen utan å nokon gong gli over i ein opplagd rytme».[7] Melody Maker hylla den første singelen, «Peek-a-Boo», og kalla han «den mest forbløffande britiske plata» i 1988, og «ei uventa blanding av svart stål og popforstyrringar.»[10] Magasinet hylla òg bandet for balladen «The Last Beat of My Heart». Chris Roberts sa: «Det uendelege høgdepunktet er det einaste sporet dei skreiv i lag, bravurhymnen 'The Last Beat of My Heart'. Med trekkspelet til Martin McCarrick og den direkte intelligente rytmen til Budgie dannar grunnlaget for patosen i songen, er denne sørgesjongen omsett av Sioux stor saligheit. Det er den mest vågale melodien til The Banshees på ei stund.»[11] Record Mirror likte òg særs godt denne songen då dei skreiv om albumet: «Høgdepunket er den tilbakehaldne 'The Last Beat of My Heart', der røysta til Siouxsie utforskar nye marker medan ho kjærteiknar ein stemningsskapande melodi.» Skribenten Kevin Murphy konkluderte med å sei: «Peepshow er full av sjølvtillit og den beste stunda til The Banshees.»[9] NME merka seg ei stilmessig endring: «Peepshow er det beste Banshees-albumet sidan A Kiss in the Dreamhouse fordi dei valde å vere eit popband i staden for eit rockeband.».[12]
Bloc Party hylla seinare «Peek-a-Boo», og songaren deira Kele Okereke sa: «Det høyrdest ikkje ut som noko anna på denne jorda. Det er berre in popsong, men for meg høyrdest det ut som den nyaste, men mest futuristiske stykke gitarpopmusikk eg nokon gong har høyrt.»[13] DeVotchKa spelte seinare «The Last Beat of My Heart» etter forslag frå Arcade Fire-songaren Win Butler.[14] The Decemberists omtalte òg «The Last Beat of My Heart» som ein av dei favorittsongane deira av Siouxsie and the Banshees.[15]
All musikk er komponert av Siouxsie and the Banshees.
Nr. | Tittel | Tekst | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Peek-a-Boo» | Siouxsie Sioux | 3:12 |
2. | «The Killing Jar» | Steven Severin | 4:04 |
3. | «Scarecrow» | Severin | 5:06 |
4. | «Carousel» | Sioux | 4:26 |
5. | «Burn-Up» | Sioux | 4:32 |
Nr. | Tittel | Tekst | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Ornaments of Gold» | Sioux | 3:50 |
7. | «Turn to Stone» | Severin | 4:05 |
8. | «Rawhead and Bloodybones» | Sioux | 2:29 |
9. | «The Last Beat of My Heart» | Severin/Sioux | 4:30 |
10. | «Rhapsody» | Severin | 6:23 |
Nr. | Tittel | Tekst | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «El Dia De Los Muertos» (Espiritu Mix) | Sioux | 5:36 |
12. | «The Killing Jar» (Lepidopteristic Mix) | 8:06 | |
13. | «The Last Beat of My Heart» (Live Seattle Lollapalooza 1991) | 5:32 |
Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1988 | UK Albums Chart | 20 |
US Billboard 200 | 68 | |
Tyskland Top[16] | 64 | |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1988 | «Peek-a-Boo» | UK Singles Chart | 16 |
«Peek-a-Boo» | US Hot Dance Club Play | 14 | |
«Peek-a-Boo» | US Modern Rock Tracks | 1 | |
«Peek-a-Boo» | US Hot 100 | 53 | |
«The Killing Jar» | US Modern Rock Tracks | 2 | |
«The Killing Jar» | UK Singles Chart | 41 | |
«The Killing Jar» | US Hot Dance Club Play | 37 | |
«The Last Beat of My Heart» | UK Singles Chart | 44 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.