«The Last Beat of My Heart» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut seint i 1988 som den tredje og siste singelen frå det niande studioalbumet deira, Peepshow.
The Last Beat of My Heart Singel av Siouxsie and the Banshees frå albumet Peepshow | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Utgjeve | 21. november 1988 | |
Innspelt | 1988 | |
Sjanger | Alternative rock, Art rock | |
Lengd | 4:31 | |
Selskap | Polydor | |
Låtskrivar(ar) | Susan Ballion, Peter Edward Clarke og Steven Severin | |
Produsent | Siouxsie and the Banshees/ Mike Hedges | |
Siouxsie and the Banshees-kronologi | ||
«The Killing Jar» (1988) |
The Last Beat of My Heart | «Kiss Them for Me» (1991) |
Siouxsie-kronologi | ||
The Killing Jar (1988) |
The Last Beat of My Heart | «Standing There» The Creatures (1989)
|
Songen er ein ballade med strykarar og trekkspel. Sioux syng om ein kjæraste som forlet eit forhold, medan ho ber han kome attende.
Fleire musikarar hylla seinare songen. The Decemberists meinte songen var ein av dei beste Siouxsie and the Banshees-songane.[1] Arcade Fire-songaren Win Butler føreslo at bandet DeVotchKa skulle spele inn songen, noko dei gjorde i 2006 på EP-enCurse Your Little Heart.[2] The Flowers of Hell gav ut ein versjon i 2012 på albumet deira Odes.[3]
«The Last Beat of My Heart» nådde 44. plassen på UK Singles Chart i desember 1988.[4] Songen kom med på samlealbumet Twice Upon a Time: The Singles, der eit konsertopptak av songen frå 1991 erstatta singelversjonen.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.