Peter Edward Clarke (fødd 21. august 1957), med artistnamnet Budgie, er ein engelsk trommeslagar. Den første innspelinga hans var med The Spitfire Boys i 1977 og så The Slits i 1979. Han vart så fast trommeslagar i det innverknadstunge bandet Siouxsie and the Banshees (1979–1996) og tromme-og-song-duoen The Creatures (1981–2004). Budgie har arbeiddm ed andre musikarar som John Cale, Leonard Eto (tidlegare i Kodo Drummers) og John Grant.
Budgie | |||
Budgie i Oakland i California, juni 1986 | |||
Fødd | 21. august 1957 (67 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | St Helens i Merseyside | ||
Fødenamn | Peter Edward Clarke | ||
Alias | Blister, Budgie | ||
Opphav | St Helens i Merseyside i England | ||
Aktiv | Sidan 1979 | ||
Sjanger | new wave, post-punk | ||
Instrument | Perkusjon, trommer, gitar, klaverinstrument | ||
Tilknytte artistar | Big in Japan, Pink Military, The Spitfire Boys, The Slits, Siouxsie and the Banshees, The Creatures, John Grant | ||
Plateselskap | Geffen, Polydor, Sioux | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
I 2013 vart han av magasinet Spin rangert på 28. plassen på lista deira over dei 100 beste trommeslagarane innan alternativ musikk.[1]
Budgie vart omtalt i 2013 av Stewart Copeland frå The Police som ein av dei 16 mest interessante trommeslagarane.[2]
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.